Har du hugsa å søke om Voldakortet?

Har du hugsa å søke om Voldakortet?

Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Du må melde flytting før du søker. Meld flytting via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse. 

Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvære, serveringsstader m.v.



Alle søknader om Voldakortet er ferdig handsama, og søkjarane har motteke svar på e-post.

Du kan få informasjon om ordninga og hente Voldakortet ditt på vår stand på Berte Kanutte:

  • Torsdag 15. februar kl 11-13


Vilkår

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda og betalt semesteravgift.
  2. Du må ha meldt flytting til Volda etter 01.01.2021 og ha norsk fødselsnummer.
  3. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på Søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  4. Internasjonale studentar som skal studere i minimum to år ved Høgskulen i Volda, kan søke om Voldakortet for studentar.
  5. Du kan søke ordninga ein gong.
  6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda under heile studietida ved Høgskulen i Volda. Vi oppmodar deg om å vere folkeregistrert i Volda til og med 01.07 det året du skal flytte frå Volda.
  7. Voldakortet blir utstedt etter søknad med følgjande vedlegg: Flyttemelding, kvittering på betalt semesteravgift, og ev. krav i punkt 4 for internasjonale studentar.

 

Slik går du fram

Meld flytting no - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.

  1. Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.
    • Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
    • Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
    • Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
  2. Gå til: Søknadsskjema for Voldakortet for studentar. Du må laste opp:
    • Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
    • Kvittering på betalt semesteravgift.
    • Internasjonale studentar må legge ved dokumentasjon frå Høgskulen i Volda om at dei skal studere i Volda i minimum to år.
  3. Når søknaden er godkjent får du stadfesting på e-post, med informasjon om når og kvar du kan hente Voldakortet. 
  4. Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet og gyldig legitimasjon.

Søknaden blir handsama i samsvar med GDPR.

har du nokre spørsmål angående Voldakortet? besøk nettsia vores for meir infor.
https://www.volda.kommune.no/sio/