Berit Sandvik Skeide
For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Volda kommune må dei einskilde anlegga vere prioritert i kommunen sitt handlingsprogram.
Det kan søkjast om midlar innan anleggskategoriane:
• Ordinære anlegg
• Nærmiljøanlegg
Søkjarar kan vere idrettslag, velforeining, grendalag, aksjeselskap, stiftingar, kommune m.fl.
Meir informasjon om spelemiddelordninga finn du her:
https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/tilskot-stipend-og-utmerkingar/spelemidlar/ og Anleggsregisteret.no.
Handlingsprogrammet skal rullerast hausten 2025, og vert lagt fram for kommunestyret i november 2025. Frist for å melde inn nye prosjekt er sett til 15. august 2025.
Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller postmottak@volda.kommune.no.