Mange innbyggjarar i Volda kommune har allereie teke influensavaksinen, men framleis er det fleire som bør vaksinere seg.
Vaksinasjon reduserer risikoen for alvorleg sjukdom
Influensa kan råke eldre og personar i risikogrupper hardt. Risikoen for alvorleg sjukdom aukar med alderen, men også yngre personar med enkelte kroniske sjukdomar eller tilstandar kan vere særleg utsette.
Vaksinen kan ikkje alltid hindre at ein blir smitta, men reduserer risikoen for alvorleg sjukdom og sjukehusinnlegging.
Kven bør ta influensavaksinen?
FHI tilrår årleg influensavaksine til mellom andre:
- alle frå 65 år
- barn og vaksne i definerte risikogrupper
- gravide etter svangerskapsveke 12
- bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
Fleire ledige vaksinasjonstimar
Helsestasjonen i Volda har auka kapasiteten og har fleire ledige timar komande veke (veke 49).
Bestill time til vaksinering
Det er framleis mogleg å ta influensavaksinen ved helsestasjonen i Volda.
Du kan enkelt bestille time sjølv:
- Gå til elektronisk timebestilling
- Vel «Vaksinering utanom reise»
- Vel ein ledig time som passar for deg
- Du kan også ta direkte kontakt med helsestasjonen for å bestille time
- Ring Volda helsestasjon på 70 05 88 20
Vi oppmodar alle som er tilrådde influensavaksine, og som enno ikkje har vaksinert seg, til å nytte seg av tilbodet.
Les meir på Folkehelseinstituttet sine sider