Har du tilgjengeleg bustad til flyktningar?
Pexels.no
Vi har stort behov for bustader til flyktningar. Dersom du har ein eigna bustad, meld den gjerne inn til Volda kommune.
Skjema for å melde inn ledig bustad
Vi ser etter alle typar bustader, – i Volda sentrum, Austefjord, Folkestad, Hornindal eller andre stadar. Det treng med andre ord ikkje å vere i Volda sentrum.
Vi vil helst ikkje ha rom i bufelleskap eller med delt kjøkken eller bad.
I 2026 skal Volda kommune busette 40 flyktningar.
Publisert 18.02.2026 13:18
Sist endra 18.02.2026 13:27