Helsestasjonen i Volda tilbyr reisevaksine igjen

Helsestasjonen i Volda tilbyr reisevaksine igjen

No kan Helsestasjonen i Volda endeleg tilby reisevaksinasjon igjen. Dette betyr at innbyggjarar som planlegg utanlandsreise kan få rettleiing og nødvendige vaksinar lokalt.

Hilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar, Vilda Humberset Bell-Hagen, helsesjukepleiar, Turid Sporsheim Urkegjerde, sekretær og Kari-Janne Ljones Kulø, avdelingsleiar barn og familie - Klikk for stort bileteHilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar, Vilde Humberset Bell-Hagen, helsesjukepleiar, Turid Sporsheim Urkegjerde, sekretær og Kari-Janne Ljones Kulø, avdelingsleiar barn og familie Volda kommune

Ved reiser til enkelte land kan det vere behov for vaksine for å vere godt beskytta mot smittsame sjukdomar. Kva vaksinar du treng, kjem an på reisemål, type reise og lengda på opphaldet. Helsestasjonen tilbyr individuell vurdering og rådgiving i god tid før avreise.

Tilbyr også oppfriskingsdose kvart 10. år

I tillegg til reisevaksinar tilbyr helsestasjonen oppfriskingsdose av vaksine mot:

  • stivkrampe
  • kikhoste
  • difteri
  • polio

Dei fleste har fått desse vaksinene som barn gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Effekten av vaksinen varer likevel ikkje livet ut, og det er anbefalt å ta ei oppfriskingsdose kvart 10. år.

Ved å halde vaksinasjonsstatusen oppdatert, bidreg ein både til å beskytte seg sjølv og til å oppretthalde flokkimmunitet i befolkninga.

Bestill time digitalt

Du bestiller time sjølv digitalt. Der finn du også oversikt over ledige timar og kan velje tidspunkt som passar for deg.

Her kan du sjå ledige timar og bestille time digitalt:
Bestill time (Pridok) 

Det er viktig å bestille time i god tid før reise, då enkelte vaksinar må takast fleire veker før avreise for å gi god nok beskyttelse.

Ta kontakt med Helsestasjonen i Volda om du har spørsmål. Telefon 70 05 88 20.

Meir informasjon om vaksiner finn du på desse sidene