Høg skredfare

Høg skredfare

Varsom.no

Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store naturleg utløyste snøskred, melder Varsom.no.

Unngå terreng som er brattare enn 30 grader og utløpssone for skred om du har tenkt deg på tur. 

Sjekk oppdatert varsel på Varsom.no før du legg ut på tur.

Varsom.no melder om vesentleg skredfare, og politiet har gått ut med ei generell åtvaring mot å ferdast i skredutsett terreng.

Vi oppmodar om at du før turen sjekkar at du har naudsynt utstyr. Peileutstyr kan berge liv om uhellet er ute.

Er du uheldig og utløyser eit ras oppmodar politiet om at du straks melder frå om dette til naudetatane, sjølv om ingen vert tekne av raset. Det vil spare naudetatane for unødig utrykking, og dei får brukt tida til reelle oppdrag i staden.