Honndalsfondet - næringsfond for nyetableringar i Hornindal

Honndalsfondet - næringsfond for nyetableringar i Hornindal

Sølvi Dimmen, ordførar, saman med Roar Vikene, dagleg leiar i Volda Næringsforum, poserer i lag med roll-up med reklame for Honndalsfondet. - Klikk for stort bileteHonndalsfondet - Næringsfond for nyetableringar i Hornindal Honndalsfondet

Ein anonym gjevar har oppretta eit fond som skal gå til personar eller selskap som, ønskjer å setje i gang nye tiltak/verksemder som vil gje nye arbeidsplassar i Hornindal.

Det er Volda Næringsforum som disponerer dette fondet.

 

Retningsliner for Honndalsfondet

  1. Honndalsfondet er oppretta av ein anonym gjevar med ein sum på 500 000 kroner og vert disponert av Volda Næringsforum.
  2. Midlar av fondet skal gå til personar eller selskap som ønskjer å setje i gang nye tiltak/verksemder som vil gje nye arbeidsplassar, plassert i Hornindal.
  3. Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret og ha firmadresse i Volda kommune
  4. Orientering om fondet skal kunngjerast på heimesida til Volda Næringsforum og Volda kommune og/eller på annan synleg måte.
  5. Tiltak som kan gje auka sysselsetjing for kvinner og ungdom bør prioriterast.
  6. Søknad om tilskot frå fondet med utgreiing om tiltaket og med kostnadsoverslag og finansieringsplan, kan sendast til Volda Næringsforum heile året.
  7. Storleiken av tilskotet vert vurdert ut ifrå det potensialet for nye arbeidsplassar som fondsstyret meiner ligg i søknaden.
  8. Styret i Volda Næringsforum er fondsstyre og avgjer søknadene.
  9. Før tilskot vert utbetalt, må søkjaren synleggjere kor langt tiltaket er kome. På bakgrunn av det som vert opplyst, avgjer fondsstyret om tilskotet skal utbetalast, eller om ein skal vente med utbetaling.
  10. Dersom den nye verksemda som får tilsegn om tilskot, ikkje er komen i gang innan eitt år etter at tilsegn er gjort, skal vedtaket om tilskot trekkjast tilbake. I spesielle høve kan fondsstyret forlenge tilsegna med eitt år.
  11. Midlane i fondet skal forrentast med best moglege vilkår hos Volda Næringsforum sin bankforbindelse. Renteavkastninga av Honndalsfondet skal kvart år leggast til fondet.
  12. Tilskot frå fondet kan gjevast i ein fem-årsperiode, frå 1. juli 2022 til 30. juni 2027.
  13. Midlar som eventuelt står på fondet ved utgangen av juni 2027, skal delast likt mellom Hornindal omsorgssenter og Hornindal Skisenter A/S.

Retningsliner for Honndalsfondet (PDF, 149 kB)

Du finn informasjon på heimesida til Volda Næringsforum