Honnør til ungdomen

Honnør til ungdomen

Honnør: "aktsemd, anerkjenning verdsetjing, heider og ros".

Ungteam på Prestesætra Marte Digernes

I går var det den tradisjonelle avgangs-festen for 10. ande trinnet ved Volda ungdomskule og oppstart av natteramn i Volda.  I den anledning hadde Ungteam ilag med forebyggande politi eit orienteringsmøte om korleis gatebilde i Volda ser ut og kva dei kan forvente å møte på.  SU leiar Henning Holsvik fortalte om ansvar og rolle til dei nye natteramnane. Ungteam set stor pris på at det no har vorte etablert natteramn i Volda, då vi har sett behovet for trygge vaksne i gatebilde der ungdomane våre ferdast.

Vi vil først og fremst applaudere ungdomane som vi møtte på i går.  Ungteam vart møtt med smil, klem og high five og ungdomane viste at dei satt pris på oss.  Eit utsagn frå ein ungdom som vi tek med oss vidare i det oppsøkande arbeidet var: “ Dokke e dei kulaste voksne ej he møtt, dokke e her å passa på, men ødelegge ikkje stemninga”. Eit av måla til Ungteam i det oppsøkande arbeidet er nettopp dette, å ikkje bli oppfatta som angivara, men skape gode og trygge relasjoner til ungdommen slik dei lettare kan be om hjelp og oppfølging når dei treng det.   Natteramnane vart også veldig godt tatt i mot. I sekkane hadde natteramnane med seg både førsehjelpsutsyr, pledd, vatn og Ritz kjeks som kom godt med. Det ligg mykje omsorg i noko godt å bite i og eit plaster på eit sår.

Sjølv om det var monge trygge vaksne på Prestesætra i natt, så ser vi at ungdomane sjølv er ansvarsfulle, tek vare på kvarandre og hjelp dei som har drukke for mykje alkohol.  Det var også kjekt å sjå at det var fleire ungdoma som ikkje inntok alkohol. 

Tidleg debut av inntak av alkohol kan gi auka risiko for avhengigheit, risikofylt adferd og sosiale og psykiske problem. Foreldre har ei viktig rolle i å forebygge dette og vi har vore opptekne av å formidle til foreldra kva dei kan gjere for å ungdomane i denne utforskningsfasa.  Nokre av tiltaka foreldre kan gjere er å avtale innetid, ha klare reglar og grenser, dialog medan dei er ute og hente ungdomane der dei er.  Inntrykket vårt var at dei aller fleste ungdomane hadde dette med foreldra sine.  

Litt over klokka 02:00 tok dei siste ungdomane initiativ til opprydding av flasker og søppel. Og klokka 02:30 gjekk dei i lag med dei voksne ned att.  

 

Prestesætra forlatt rydda og klar for dei tidlegaste turentusiastane. Cecilie Åmås Natteramnane klare for kvelden etter oppstartsmøte med SU leiar Henning Hosvikforebyggande polit og Ungteam - Klikk for stort bileteOppstartsmøte for natteramnane. Cecilie Åmås