Høyring - Kulturmiljøplan for Volda kommune 2022 –Laurdalssetra ligg i Laurdalen, 390 m.o.h. og er seter for gardane i Søre Bjørkedalen. Berit Sandvik Skeide Kulturmiljøplan for Volda kommune vert lagt ut til høyring. Den er ei samanslåing av dei to kulturminneplanane for tidlegare Hornindal og Volda kommunar. Kulturmiljøplanen er utforma som ein temaplan. Den har mål om å gje ei oversikt over kulturminne og kulturmiljøa i kommunen. Den skal angi retning for kommunen sitt arbeid på kulturmiljøfeltet og prioritere tiltak. Planen skal medverke til å gjere kommunen si historie, sentrale kulturminne og kulturmiljø kjent for fleire innbyggarar, og gjennom dette gje ein felles identitet og stoltheit. Dokument i saken: Kulturmiljøplan for Volda kommune 2022 Saksframlegg formannskapet i Volda 10. mai 2022 Frist for innsending av innspel er 6. juli 2022. Send innspel på e-post til postmottak@volda.kommune.no, eller på digitalt skjema Publisert 24.05.2022 20:01 Sist endra 29.11.2023 22:50