Høyring - Lokal forskrift om termisk sikte i Volda

Høyring - Lokal forskrift om termisk sikte i Volda

Landbruks- og matdepartementet fastsette 26.06.2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta. Dette vart gjort på bakgrunn av behov for tilpassingar i forskriftsverket i samband med at den nye Viltressurslova skulle tre i kraft 01.07.2026. I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26).

Landbruk

Bakgrunn og utfordringar i Volda

Volda kommune har over tid hatt ein stor hjortebestand. Hjorten er ein viktig ressurs, men den høge bestanden fører til utfordringar. Dette gjeld særleg beiteskadar på innmark og skog, høg risiko for viltpåkøyrsler, og vanskar med å nå bestandsmåla i den kommunale hjorteviltforvaltninga.

Kommunen vurderer at restlysforsterkande og termiske siktemiddel bidreg til ei meir effektiv og trygg jakt. Dette er særleg viktig i situasjonar der ordinære jaktformer ikkje gir stort nok uttak. Slike siktemiddel har vore lovlege fram til no, og bruken har vorte svært utbreidd blant hjortejegerane i Volda etter kvart som teknologien har vorte billegare og meir tilgjengeleg.

Kommunal forskriftsheimel og høyringsuttale 

Ei av endringane i jaktutøvingsforskrifta er at kommunane no har fått heimel til å fastsetje lokale forskrifter. Dette opnar for å vidareføre bruken av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng (§ 29a, fjerde ledd).

Volda kommune drøfta dette behovet i sin høyringsuttale til departementet. Konklusjonen var at slike avgjerder bør takast på nasjonalt eller regionalt nivå, ikkje av kvar enkelt kommune. Grunnen er at det krev store ressursar, og at kommunar som deler same hjortebestand bør ha like reglar. Administrativt fagnettverk for viltforvaltarar i Sunnfjord, Nordfjord og deler av Sunnmøre har gitt ein tilsvarande, meir uttømande fagleg uttale (sjå vedlegg).

 

Lokal forskrift for jaktstarten 2026

Departementet har ikkje fastsett nokon overgangsordningar for dei nye reglane. For at termiske og restlysforsterkande siktemiddel framleis skal vere lovlege når hjortejakta startar 1. september 2026, har Volda kommune difor utarbeidd eit framlegg til ei lokal forskrift. Det det er forslag til ny forskrift som vert sendt på høyring og som det er høve til å kome med merknader til. Høyringsframlegget ligg vedlagt. 

 

Framlegget vart drøfta i det administrative fagnettverket for viltforvaltarar 2. juli 2026. Viltforvaltarane var samde om at det er mest tenleg med like forskriftstekstar på tvers av kommunegrensene. Dette gjer det enklare og meir oversiktleg for jegerar og jaktrettshavarar. Teksten i høyringsframlegget byggjer derfor direkte på dei same formuleringane som departementet har brukt i jaktutøvingsforskrifta. 

 

Kort høyringsfrist

Grunna tidsnaud er utsending av høyringa ikkje handsama/utsendt av politisk organ, men utsendt administrativt. Fristen for å gi uttale til framlegget er 9. august 2026. Dette er ein noko kortare frist enn vanleg, men det er naudsynt for at kommunen skal rekkje å gjere eit gyldig politisk vedtak før hjortejakta startar 1. september.

 

Høyringsinnspel sendast på e-post til: peder.magnussen@orsta.kommune.no

Høyring - Lokal forskrift om termisk sikte i Volda.pdf (PDF, 112 kB)

Høyringsframlegg Forskrift om bruk av restlysforsterkende og termiske siktemiddel til hjortejakt i Volda kommune.pdf (PDF, 138 kB)

Forslag til nye forskrifter og endringar i eksisterande forskrifter på viltområdet - høyringsuttale Volda kommune.pdf (PDF, 2 MB)

Adm Fagnettverk viltforvaltarar_Høyringsuttale viltforskrifter heimla i ny viltressurslova.pdf (PDF, 137 kB)