Volda kommune legg fram sitt forslag til frivilligpolitikk i form av ein temaplan for frivilligheit.
Føremålet med temaplanen er å sikre aktiv og god samhandling mellom frivillig og offentleg sektor i Volda kommune, og legge grunnlag for naudsynte prioriteringar. Planen skal bidra til å skape ei forståing for felles utfordringar, og legge til rette for rammer og retningsliner for samarbeid. Planen skal på den måten vere eit retningsgjevande styringsdokument for kommunen si politiske og administrative leiing, og eit nyttig og brukarvennleg dokument for frivilligheita.
Kommunestyret i Volda handsama temaplan for frivilligheit i møte 11.09.2025, og gjorde vedtak om å sende planen ut på høyring.
Høyringsutkastet og kunnskapsgrunnlaget finn du her
Temaplan for frivilligheit til høyring (PDF-fil) (PDF, 559 kB)
Alle som vil kan kome med innspel. Har du synspunkt eller innspel?
Send dei skriftleg innan14. november 2025 til:
• e-post: postmottak@volda.kommune.no
• eller per post: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda
Hugs å merke sendinga med: «Høyring – temaplan frivilligheit».