Hugs å søke om kraftfondsmildar

Hugs å søke om kraftfondsmildar

Det er no opna for søknadar om tilskot frå Kraftfondet. Søknadsfristen er sett til 9. februar 2024.  

 

Bilete av Bjørke og kraftverket til Tussa - Klikk for stort bilete


Søknadsskjema om støtte frå kraftfondet

Rettleiing og vilkår for tilskot frå Kraftfondet 

Formål med kraftfondet

  • Fondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale fellestiltak.
  • Prosjekt som kan føre til auka sysselsetjing for kvinner og ungdom bør prioriterast.
  • Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løypande drift av verksemder eller kommunen. Det bør heller ikkje gjevast støtte til verksemder som tek i mot store overføringar over statsbudsjettet.

 

Tildeling av støtte frå kraftfondet skjer i samsvar med retningslinjene vedtekne i Volda kommunestyre 30.092021, K.sak 98/21.

Støtteformer

Til vanleg vert støtte frå kraftfondet gitt som tilskot med vilkår. Støtte kan og gjevast som lån. Vidare kan det stillast garanti for kommunale tiltak i den grad dei er gyldige garantiføremål etter kommunelova; jamfør departementet sine forskrifter om kommunale garantiar.

Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private verksemder. Dersom det vert teikna kommunale aksjar, kan ikkje dette utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen i verksemda. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerer i samarbeid med private interessentar

Støttevilkår

Samla støtte frå fondet til private næringstiltak skal normalt ikkje overstige 50% av den totale kapitaltrongen for eit prosjekt. Ved prosjekt som er særleg viktig for kvinner og ungdom og ved nyetableringar, kan det gjevast inntil 75% støtte.

Forholdet til forpliktingar på statsstøtteområdet

Bruken av fondet må vere i samsvar med dei internasjonale regelverk Norge har slutta seg til på statsstøtteområdet.

Støtta (tilskot og eventuelt subsidie-element i lån med nedsett rente) skal bere avgrensa slik:
Maksimal støtte må ligge innanfor ei maksimumsgrense på kr. 400.000,- (50.000,- Euro) til eit og same føremål i ei og same bedrift i ei treårsperiode. Bedrifter som tek i mot støtte pliktar å opplyste om ein har motteke støtte frå offentlege midlar innan utløpet av treårsperioden (det vert vist til EØS-avtalen sitt regelverk for offentleg støtte, reglane for bagatellmessig støtte, de minilis).

Forholdet til internasjonale plikter på støtteområdet

Bruken av fondet må vere i samsvar med dei internasjonale regelverka Noreg har slutta seg til på statsstøtteområdet

Kriterie for tildeling av støtte

Då midlane er avgrensa, vert følgjande lagt til grunn for prioriteringa av bruken:

  1. Høve til å søkje på desse midlane skal kunngjerast. Kunngjeringa skal skje i løpet av 1. kvartal. Dersom der står att midlar etter tildeling vil søknader bli løpande handsama.
  2. Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret og ha firma- og bustadadresse i Volda kommune.
  3. Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøkjing, m.v.
  4. Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader. Kommunen kan vurdere ein høgre finansieringsdel (inntil 75%).
  5. Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lengre tid enn 3 år.
  6. Inga næring skal ekskluderast frå å søkje på midlar frå næringsfondet. Kvar enkelt søknad skal vere grunnlag i seg sjølv for tildeling eller avslag.
  7. Det kan ikkje gjevast tilskot som kan verke konkurransevridande i høve allereie etablerte bedrifter i Volda kommune.
  8. I dei høve der det er naudsynt med noko form for autorisasjon eller liknande blir det ikkje gjeve støtte før slik ligg føre. Ved etablering av handverksbedrifter skal søkjar ha nødvendig fagbrev.

Avgrensing

Det vil i hovedsak ikkje bli gitt støtte til:

  • Rullande materiell (bil og tilhengar).
  • Bygningar (unntatt produksjonsanlegg), 
  • Det kan gjevast tilskot til oppgradering av lokale etter individuell vurdering.

 

ein bedrift kan bere søke om midlar ein gong kvert 5.år. Dette hindrar ikkje at eventuelle nye eigarar kan søkje støtte til supplerande investeringar eller bedriftsutviklingstiltak.

Vidare i tilfelle sal/nedlegging:

  •  Dersom verksemda blir selt eller nedlagt i løpet av 2 år frå tilsegn om støtte vert gjeve, skal fondsstyret (formannskapet) kunne krevje attendebetalt høvesvis del av innvilga tilskot etter nærare vurdering.

Ved nyetableringar vil det etter nærare vurdering også kunne bli sett følgjande vilkår:

  • Det er eit vilkår at søkjar vil ta del i etablereropplæring, t.d. Etablererskulen.

  Fondsstyret vil dekkje 50% av kostnadene til denne på vanleg måte.

Bagatellmessig støtte

Tilskot frå kraftfondet vert rekna som bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket. Ei bedrift kan motta maksimalt 200.000 euro bagatellmessig støtte over ei rullerande treårs periode.

Det er bedrifta sitt ansvar å oppgje tidlegare bagatellmessig støtte i søknaden. Summen for bagatellmessig støtte vert korrigert i samsvar med endringane i dei internasjonale forpliktingane.

Midlar frå kraftfondet vert rekna som skattbar inntekt for søkjar.

Vilkår for utbetaling

De må be om utbetaling innan prosjektperioden/tilsegnstida er over. I spesielle høve kan vi forlenge tilsegna i inntil eit år. De må søke om forlenging innan 3 mndr. før tilsegna går ut.

Tilskotsmidlane skal i hovudsak utbetalast. Er det nødvendig for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppstarten av tiltaket.

Tildelt støtte vert utbetalt mot dokumentasjon på påløpte kostnader (attestert rekneskap eller revisorattest for tilskot over kr. 100.000,-), dersom de ikkje er revisjonspliktige, må de få rekneskapen godkjend av ein autorisert rekneskapsførar.

Saman med anmodning om utbetaling skal det i tillegg til rekneskap/dokumentasjon på kostnader ligge føre ein sluttrapport som gjer greie for i kva grad resultatmåla er nådd

Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, kan kommunen trekke tilbake tilsegna eller redusere støtta. 

Konfidensialitet

Alle brev og søknader til kommunen (saksdokument) er etter Offentleglova opne for innsyn. Kommunen vil vurdere evt. unntak frå dette i samsvar med reglane i kap. 3 i nemnde lov i kvart einskild tilfelle (sjå Lov om rett og innsyn i dokument i offentleg verksemd av 19.05.06)

Aksept

Tilsegn er ikkje gyldig før de aksepterer vilkår for tilsegn.

har du nokre spørsmål angående søknaden? ta kontakt med kommunen på epost: postmottak@volda.kommune.no innan tre veker etter at de har fått tilsagnsbrevet.