Husk røykvarslardagen 1. desember!

Husk røykvarslardagen 1. desember!

Søndag 1. desember er det røykvarslardagen og vi oppfordrar alle til å bytte batteri i røykvarslaren. Du treff oss på stand på Spinneriet fredag ettermiddag, 29. november.

Vi kjem til å markere røykvarslardagen med å stå på stand på Spinneriet fredag  29. november. Vi oppmodar alle om å sjekke røykvarslaren sin, og eventuelt bytte batteri på røykvarslardagen 1. desember,  seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda kommune.

Røykvarslardagen er kvart år den 1 desember ettersom vi då går inn dei to månedane med flest brannar.
Med julepynt og både levande og elektriske lys så aukar også brannfaren. Før du heng opp lyslenkjer, adventsstjerne og adventsstake så må du sjå over at dei er fri for skadar og misfargingar. Finn du skadar eller misfargingar må du byte dei ut.

Alle bustadar skal ha minst ein røykvarslar per etasje som kan høyrast tydeleg på alle opphaldsrom, har du stort hus må du ha fleire røykvarslarar.
Vi anbefala dei som har fleire røykvarslarar å bruke seriekopla røykvarslarar som gir alarm til heile huset om det skulle oppstå brann.

Husk å teste røykvarslaren etter batteribyttet for å forsikre deg om at du kan gå juletida trygt i møte.