Influensavaksine og koronavaksine 15. og 17. november

Influensavaksine og koronavaksine 15. og 17. november

Det er sett opp ekstra vaksinedagar til dei i risikogruppene som av ulike årsaker ikkje kunne kome og få vaksine i veke 44. 

Vi vaksinerer onsdag 15. og fredag 17. november 2023.

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.

Korleis kan ein få vaksine?

Du kan få vaksine på apoteka. Volda kommune hadde fellesvaksinering for risikogruppene i veke 44.

Vi har sett opp ekstra vaksinedagar til dei som av ulike årsaker ikkje kunne kome og få vaksine i veke 44. 

Vi vaksinerer onsdag 15. og fredag 17. november 2023.

Du må ta kontakt med helsestasjonen på telefon 70 05 88 20 og gjere avtale.  Det er også vaksinering på Hornindal legekontor.

Koronavaksine og influensavaksine kan bli gitt samtidig, med unntak av sjukeheimsbebuarar som får ein forsterka variant av influensavaksina. Desse bør vente minimum sju dagar mellom dei tek vaksine mot influensa og vaksine mot korona.

Koronavaksina er gratis.

Influensavaksine kostar 200 kroner

Utanom desse dagane må du kontakte legesenteret eller apoteket for å få vaksine. Dette gjeld også for dei som ikkje er i risikogruppene. 

Kontakt:

Hornindal legekontor på telefon 57 87 98 70

Volda Legesenter sentralbord tlf. 70 05 89 00

Volda helsestasjon, telefon: 70 05 88 20