Influensavaksine og sesongvaksinering

Influensavaksine og sesongvaksinering

Måndag 9. november startar vi med sesongvaksinering. Det er fortsatt mogleg å reservere time, men vi har også ope for drop-in.  

Drop-in for sesongvaksinering i Volda og Hornindal

Det er framleis mogleg å reservere time, men vi opnar no også for drop-in på desse dagane:

Datoar: Måndag 16. november og onsdag 18. november

Volda samfunnshus

Kl. 10.00–11.30

Kl. 12.30–15.00

Smia i Hornindal

Kl. 09.30–14.30

Du kan møte opp utan å ha bestilt time på førehand.

Velkomen!

I år ønsker vi at du bestiller time på nett, du kan både bestille til deg sjølv og på vegner av andre. 

Du kan møte opp til drop-in 16. og 18. november. 

På nett bestiller du time på Pridok booking. Timebestilling sikrar mindre ventetid. 

Treng du hjelp til å bestille, ring Volda helsestasjon på 70 05 88 20. 

På Pridok booking finn du tider for:

  • Mandag 9. november frå kl. 09:00-15:15
  • Onsdag 11. november frå kl. 09:00-15:15
  • Mandag 16. november frå kl. 09:00-15:15
  • Onsdag 18. november frå kl. 09:00-16:15
  • Smia i Hornindal 10. og 17. november frå kl. 09:30-15:00. 
     

Korleis bestille på nett:

Vel kalender “Sesongvaksinering veke 46 og 47” for vaksinering på Volda samfunnshus. I Hornindal vaksinerar vi på Smia, dette ligg i eigen kalender kalla “Hornindal sesongvaksinering”. 

På vaksinedagane tilbyr vi influensa- og koronavaksine. Vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine) er i tillegg tilgjengeleg for dei som er fødde i 1960 og 1961. Reserver time i “vaksinar utanom reise” for andre vaksinar. 

Du kan lese om alle dei ulike vaksinene på Voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsenorge. Her står det kven som er anbefalt kva vaksinar, ut ifrå risikogruppe. Ved å vaksinere seg kan ein førebygge alvorleg sjukdom hjå seg sjølv og andre. OBS – ein er anbefalt lungebetennelsevaksine også når ein er over 65 år eller i anna risikogruppe. Ein kan bestille eigen time til dette på helsestasjonen eller legesenteret. 

Prisar vaksenvaksinasjon per september 2026:

  • Influensavaksine 308 kr
  • Pneumokokkvaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
  • Koronavaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
  • Øvrige vaksiner sjå Prisar på vaksine og konsultasjonar. 


Prisen kan endrast i tråd med prisanbefalingar frå FHI. Prisen inkluderar innkjøpspris på vaksina, utstyr og konsultasjonsavgift. 

Planlegg timen din på Pridok booking (du finn tilgjengeleg timar der). Dette gjeld også sesongvaksinering, under eiga timebok. 

Skal du ut og reise?

Det har vore fullt på reisevaksinering fram mot jul, men no har vi fått auka kapasiteten og har igjen ledige timar.

Treng du reisevaksine? Hugs å bestille time i god tid før avreise. På nett bestiller du time på Pridok booking eller ring oss på 70 05 88 20. 

Manglar du vaksiner? 

Vi tilbyr mellom anna oppfriskingsdose av vaksine mot stivkrampe, kikhoste, difteri og polio. Denne har dei fleste fått som barn, men er anbefalt å ta påfyll kvart 10. år då effekta går ut. Ved å ta denne vaksina sørgjer ein for flokkimmunitet i befolkinga. Nokre kan også ha behov for MMR-vaksine, men dei fleste i Noreg har to doser av denne eller naturleg immunitet etter gjennomgått sjukdom. Les meir om vaksinane på Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge, og sjå prislista vår for fullstendig liste av vaksinar vi tilbyr. Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina. 

Ved spørsmål, ring oss på 70 05 88 20.