Informasjon til abonnentane ved Grodås vassverk

Informasjon til abonnentane ved Grodås vassverk

Volda kommune tek i bruk Storelva som midlertidig vasskjelde ved Grodås vassverk.

Viktig informasjon om mellombels endring av vasskjelde – Grodås vassverk

Abonnentane ved Grodås vassverk vert gjorde merksame på at vassverket i ein periode vil nytte Storelva som vasskjelde. Vatnet er heilt trygt å drikke, og kan nyttast som normalt.

Kvifor skjer dette?

På grunn av langvarig kulde har inntaket i hovudvasskjelda, Kirkhornselva, frose til. For å sikre stabil levering av drikkevatn har kommunen, i samråd med Mattilsynet, teke i bruk ei reservevassløysing.

Kva inneber endringa?

I ein avgrensa periode vil drikkevatnet kome frå Storelva i staden for Kirkhornselva. Vatnet vert behandla ved Grodås vassverk før det blir sendt ut på leidningsnettet.

Er vatnet trygt å drikke?

Ja. Vatnet blir reinsa og desinfisert med:

  • UV-behandling (to UV-aggregat køyrde i serie)
  • Klorering som ekstra tryggleiksbarriere

Dette sikrar at drikkevatnet er helsemessig trygt og oppfyller krava i drikkevassforskrifta. Det blir gjennomført prøvetaking og tett oppfølging for å kontrollere vasskvaliteten.

Kan eg merke endringar?

Nokre kan oppleve:

  • lett lukt eller smak av klor
    Dette er normalt ved klorering og er ikkje farleg.

Kokevarsel?

Det er ikkje innført kokevarsel per no. Dersom situasjonen endrar seg, vil abonnentane få rask beskjed.

Kor lenge varer dette?

Reservevassløysinga blir brukt så lenge hovudvasskjelda er utilgjengeleg.

 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Volda kommune dersom du har spørsmål eller treng meir informasjon.

Vi takkar for forståinga og samarbeidet.