Informasjonsskriv 1/2025 frå landbrukskontoret

Informasjonsskriv 1/2025 frå landbrukskontoret

Søknadsfrist for del 1 av søknad om produksjonstilskudd er 15. mars. Då skal ein registrere antall husdyr ein disponerer 1. mars. Ver ute i god tid. Systemet opnar 1. mars

Merk: Søknader levert etter fristen får eit frådrag på kr 1 000 per dag.

Utbetaling av produksjonstilskot for 2024 vart gjennomført i veke 7. Klagefrist er 3 veker etter mottatt vedtaksbrev.

Ny forskrift for gjødselbruk

Dei fleste endringane i den nye gjødselforskrifta gjeld frå 2027, men fristen for haustgjødsling er framleis 15. september. No er det fosformengda som avgjer kor stort spreieareal du treng. Vi vil gi meir informasjon når detaljane er på plass.

Oppdatering av gjødslingsplan:
Alle bør sørgje for at gjødslingsplanen er ajour for 2025. Dersom du treng nye jordprøver, har vi utstyr for utlån. Fritak for gjødslingsplan kan no gjevast for brukarar med mindre enn 25 daa jordbruksareal.

Beitetiltak og SMIL-middel

  • Beiteområde: Søknadsfrist for tilskot er 1. april 2025, med ein ramme på kr 110 000 per kommune.
  • SMIL-middel: Ledige middel i Ørsta, medan Volda har avgrensa middel tilgjengeleg.
  • Investeringstiltak i kulturlandskap: Søknadsfrist for Hjørundfjorden og Norangsdalen er 15. april, med ein tildelt ramme på kr 760 000.

Regionalt Miljøprogram (RMP)

Utbetalinga for 2024 skjer 13. mars. Klagefrist er 3 veker frå mottatt vedtaksbrev. Er du involvert i tidleg spreiing av husdyrgjødsel, husk å notere dato, mengde og stad. Dokumentasjon kan bli kravd ved kontroll.
Er det viper, storspove eller åkerrikse i enga di? Du kan få tilskot på kr 4 000 per daa for å utsetje slåtten og verne reirplassane.

Autorisasjon plantevern

Husk å fornye autorisasjonsbeviset for plantevern.

For meir informasjon om tilskotsordningar, sjå informasjonsskrivet sendt i februar.
Vi ønskjer alle produsentar i Ørsta og Volda ein fin tid framover!

Informasjonsskriv (PDF, 174 kB)