Innbyggarundersøkinga - Vi utvidar svarfristen ut veka

Innbyggarundersøkinga - Vi utvidar svarfristen ut veka

Sjøsetting av trebåt på Folkestadvatnet - Klikk for stort bilete Sølvi Dimmen

Vi er glade for alle svar vi har fått, men vi ønsker at enda fleire nyttar høvet til å gje tilbakemelding. Vi utvidar difor fristen ut denne veka, til 4. juni.

Svarprosent 

Til no har vi fått inn 23 % svar frå strekninga Velsvik - Steinsvik. I Hornindal har vi fått 18 % svar. I Volda sentrum har vi berre fått 15 % svar.  

Dei fleste kommunar som har gjennomført denne undersøkinga har fått inn rundt 20 % svar, og vi håper derfor å få inn fleire svar. Klarer vi det?

Passordet har du fått tilsendt via SvarInn, i Altinn eller i brev i posten. Når du har funnet fram eingongspassordet ditt, så kan du logge inn via denne lenka: Innbyggarundersøking 2023

Saman kan vi gjere Volda til ein enda betre stad

Denne undersøkinga handlar ikkje berre om kommunale tenester. Dette er ei innbyggarundersøking, der det er spørsmål som dekker fleire område som handlar om å leve og bu ein stad.

Ut frå svara i undersøkinga kan kommunen sjå kva område som treng betre tilrettelegging og tilpassing.

Kommunen kan sette i verk tiltak og utviklingsplanar på område der undersøkinga viser det er behov for forbetring. Resultatet vil hjelpe oss å gjere fleire fornøgd med å leve i kommunen vår.

Vi håper at mange nyttar høvet til å seie si meining.

 

Treng du hjelp?

Stikk innom rådhuset i Volda, kommunehuset Smia i Hornindal eller ring 95 90 10 61

Kontakt

Inger-Johanne Johnsen
avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 90 10 61