Inneklimaet på skulane

Inneklimaet på skulane

Eigedom skal i gang med å kartlegge inneklimaet på skulane. Først ut er Bratteberg skule og Øyra skule.Bilete av Else Lill Riise,  Eli-Mette Lütcke, Markus Halse og Odd Harald Sundal - Klikk for stort bilete

DIGG-MIN-SKULE skal ta i bruk ny teknologi for å sikre elevar og tilsette i norske skular eit inneklima som fremjar helse, trivsel, læringsevne og produktivitet. Samtidig skal prosjektet bidra til ein kostnadseffektiv forvaltning av skulebygg.

Oslobygg KF og NILU – Norsk institutt for luftforskning har gått saman ilag med Volda Kommune og ei rekke andre partnarar i prosjektet DIGG-MIN-SKULE. Der skal forskarar og ingeniører jobbe saman med elever, lærarar, driftspersonell og andre skuletilsette for å få til eit betre inneklima, med utgangspunkt i dei verktøy som allereie finnast på skulen.

Volda Kommune har blitt invitert inn i dette prosjektet på grunnlag av tidlegare samarbeidsprosjekt, -mellom anna i regi av KLP innan byggforvaltning og drift. Volda Kommune har valgt ut Bratteberg Skule og Øyra Skule til å delta i dette prosjektet fortel seksjonsleiar for forvaltning og drift Odd Harald Sundal i eigedomsavdelinga i Volda Kommune.

 

Kva tiltak vil ha størst effekt

– Kort sagt skal vi samle inn data om korleis tilsette og elevar opplever inneklimaet på skulen sin. Disse dataene skal kombinerast med luftkvalitetsdata fra sensorar i skulenes tekniske anlegg og andre inneklimasensorar. Ut i frå dette skal vi utvikle ein maskinlæringsmodell som kan hjelpe oss å identifisere kva tiltak som vil ha størst positiv effekt på inneklimaet, seier Odd Harald Sundal

Den planlagte maskinlæringsmodellen skal berekne sannsynet for at elever og tilsette opplever helseplager eller nedsett trivsel. Så skal den berekne kva inneklimafaktorar som mest truleg er årsaka til dette, slik som temperatur, støy eller CO2. Så vil maskinlæringsmodellen identifisere kva tiltak som kan betre inneklimaet på skule- eller klasseromsnivå.

– Den teknologiske delen av prosjektet er omfattande, seier prosjektleiar Alena Bartonova fra NILU, – men like viktig er opplysningane vi skal samle inn fra alle dei som nyttar skulen. Her er driftsteknikarar og reinhaldspersonale like viktig som elevar og lærarar. Alle desse har kunnskap som er nyttig i arbeidet med å utvikle gode løysningar som er tilpassa den einskilde sin skulekvardag.

 

Viktig å engasjere elevane og dei tilsette

Å engasjere elevane og de skuletilsette aktivt i prosjektet er òg viktig for å sikre at sluttresultatet er tilpassa dei reelle behova ved den einskilde skule – og i kvart enkelt klasserom. Som ein del av prosjektet skal det utviklast og takast i bruk ein webbasert løysing for attendemeldingar, tilpassa dei ulike skulane sine digitale flater. I tillegg blir dei tilsette invitert til arbeidssamlingar der dei ilag med forskarar og ingeniørar knytt til prosjektet skal definere problem og finne løysningar.

Odd Harald Sundal fortel vidare at det langsiktige målet er å oppnå best mogeleg inneklima i så mange klasserom som mogeleg. Og då treng vi systematiske attendemeldingar fra brukargruppene.

I tillegg vil metodikken syte for at fleire vert engasjert i inneklimaarbeidet på skulen, arbeidsflyten blir betre og kunnskapen om HMS- og internkontrollarbeid aukar, seier seksjonsleiar Odd Harald Sundal i eigedomsavdelinga i Volda Kommune.

 

Prosjektpartnere i DIGG-MIN-SKULE:

· Oslobygg KF er prosjekteigar, og NILU – Norsk institutt for luftforskning er prosjektleiar.

· Brannfjell skole og Kuben videregående skole i Oslo er med i prosjektet, saman med Bratteberg og Øyra Skular i Volda kommune, samt skular i Nordre Follo kommune.

· I tillegg deltek NTNU, Norges Astma- og Allergiforbund, KLP, Airthings, Schneider Electric, GK Norge AS og Johnson Control i dette prosjektet

· DIGG-MIN-SKULE har fått støtte fra Norges forskningsråd.