Prosjektleiaren vil ha ei sentral rolle i innføring av ny helsejournal og nytt arbeidsverktøy for digitalisering, samarbeidsflyt og heilskapelege pasientforløp i Volda kommune. Stillinga inngår i staben til kommunalsjef for helse- og omsorg.
Dei siste tre åra har Thomas budd i Bergen og arbeidd for it-selskapet Atea. Der har han vore konsulent, og siste halvanna året arbeidd som account manager med ansvar for fleire kommunar rundt Bergen.
Med utdanning frå samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda og bachelor i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Ålesund, er han godt rusta til oppgåvene han har fått i kommunen.
Thomas som har vakse opp i Volda flyttar no tilbake til Volda saman med barnet sitt og sambuaren som også er frå Volda.
Thoms Hjelseth tok til i stillinga 2. mai.
Vi ønsker Thomas velkomen som kollega og lukke til i det viktige arbeidet!
Helseplattformen
Helseplattformen er ei felles journalløysing for heile helsetenesta i Midt-Norge. Gjennom Helseplattformen vil Volda kommune oppfylle det nasjonale målet om "En innbygger - en journal".
Innføringa av den digitale plattforma er ein del av organisasjons- og tenesteutviklinga i helse- og omsorgstenestene i kommunen mot saumlause tenester på tvers i kommunen og av helsenivå.
Stillinga har stor betyding for korleis kommunen skal levere helsetenester i åra framover. Det handlar om å endre måten vi jobbar på, og vil dreie seg både om teknologi, brukarar og tilsette i tenestene. Som prosjektleiar vil Thomas vere ein sentral ressurs for Volda kommune i å lukkast med omstillingsarbeidet.
Innføring av Helseplattformen skjer i tett samarbeid med kommunane i sjustjerna, som alle skal ta i bruk løysinga våren 2024.
Her kan du sjå film om kva Helseplattforma er: