Innlevering av listeforslag kommunestyrevalet 2023

Innlevering av listeforslag kommunestyrevalet 2023

Ill. Elektronisk listeforslag - Klikk for stort bilete

Parti og grupper som ønskjer å stille til val ved kommunestyrevalet 2023, må levere listeforslag til valstyret innan 31. mars kl. 12.00. 

Privatpersonvar som ønskjer å stille til val, må stå på eit listeforslag. Ein kan anten stå på eit eksisterande parti, eller ein kan opprette eiga liste. Alle kan opprette eit listeforslag, men lista må stette visse krav for å kunne godkjennast.  

Volda kommune oppmodar partia å nytte den elektroniske løysinga for å opprette listeforslag, samle inn underskrifter og lever listeforslag til kommunestyrevalet. Den elektroniske løysinga følger same regelverk og fungerer på tilsvarande måte som papirløysinga.

Opprett listeforslag i listeforslagsportalen

Valdirektoratet si rettleiing for bruk av portalen

Du kan også levere på papir eller ein kombinasjon av desse. Valstyret i kommunen skal behandle listeforslaga innan 1. juni. 

Krav og fristar til listeforslag 

Listeforslaget må innehalde: 

  • Namn på parti – Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe som fremmar forslaget. Det er viktig at namnet på partiet ikkje kan forvekslast med etablerte parti. Registrerte parti skal bruke partiets registrerte namn i listeoverskrifta. Det er ikkje høve til å nytte eit anna namn som undertittel, heller ikkje lokalavdelinga sitt namn. 
  • Kva val og valdistrikt lista gjeld for – Det skal gå fram av lista både type val og kva år som gjeld, til dømes «Kommunestyrevalet 2023 i Volda kommune». 
  • Kandidatane som stiller til val – Eit listeforslag skal innehalde dei kandidatane som partiet ønskjer å stille med. Kandidatane skal vere oppført i rekkefølgje, og ei liste må innehalde minimum sju kandidatar. Kandidatane skal vere oppført med fornamn, etternamn og fødselsår. Opplysningar om kandidatens stilling og bustad kan påførast, dette bør gjerast dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista. Ved kommunestyrevalet kan partia gi dei øvste kandidatane stemmetillegg. I Volda er det mogleg å gi inntil 6 stemmetillegg, jf. valgloven § 6-2. 
    Alle som har røysterett ved valet og står innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen, og som ikkje er utelukka eller friteken er valbare. For meir informasjon om valbarheit sjå vallova kapittel 3. 

  • Underskrifter – Kor mange underskrifter ein treng er avhengig om partiet er registrert i Partiregisteret og oppslutninga ved førre stortingsval.  

  • Forenkla regelverk: For parti registrert i Partiregisteret, og som ved førre stortingsvalet fekk ei oppslutning på minst 500 røyster i eit valdistrikt eller minst 5000 røyster i heile landet kan levere listeforslag etter forenkla regelverk. Det same gjeld parti som har blitt registrert i Partiregisteret etter førre stortingsval. 

Listeforslag som stiller liste etter forenkla regelverk skal underskrivast av minst to styremedlemer i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld. Alle underskrivarar må ha røysterett i valdistriktet listeforslaget gjeld. 

For andre listeforslagsstillarar gjeld følgjande: 
Listeframlegget skal vere underskrive av eit antall personar med stemmerett i kommunen som utgjer 2 prosent av antall innbyggjarar med røysterett ved førre kommunestyreval.  

Den som skriv under på eit listeforslag må førast opp med: 

  • Fullstendig namn 
  • Bustadadresse med postnummer 
  • Fødselsdato 

Tillitsvalde og tillitsutval 

  • Alle listeforslag skal føre opp ein tillitsvalt og ein varatillitsvalt blant dei som har skrive under på listeforslaget. Den som er tillitsvalt har mynde til å forhandle med valstyret i kommunen om endringar på listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalde bør oppgivast.  

Når eit listeforslag frå eit registrert parti er underskrive av to styremedlemmer frå lokallaga, vert desse sett på som tillitsvalt og vararepresentant, medan uregistrerte parti og grupper gjeld dette dei to øvste underskrivarane. 

Tillitsutval har mynde til å trekke eit listeforslag tilbake. For eit uregistrerte parti og grupper bør det oppnemnast eit vist antal personar av dei som har skrive under på listeforslaget til å fungere som tillitsutval. Dersom dette ikkje er spesifisert er det dei fem øvste underskriverane som vert sett på som tillitsutval og dei tre neste som vara. For dei registrerte partia er det styret for lokallaget som utgjer tillitsutvalet.  

Vedlegg 

Som tillegg til eit listeforslag skal det følgje med:  

  • ei oversikt over kandidatens fødselsdato 
  • ei oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrive listeforslaget 
  • erklæring frå kandidaten om at vedkommande er valbar dersom kandidatein ikkje er innført i folkeregisteret som busett i kommunen når listeforslaget vert innlevert.  
  • dersom kandidaten ikkje er valbar pga. stilling, må det ligge ved ei erklæring om at vedkommande har slutta i stillinga når kommunestyret trer i funksjon.  

 

Fristar 

  • Frist for å levere listeforslag 31. mars kl. 12.00 
  • Frist for å trekke listeforslag 20. april kl. 12.00 

Framgangsmåte for å opprette listeforslag på papir med malar

Signering av listeforslag

Kontakt

Inger-Johanne Johnsen
avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 90 10 61