Interessekartlegging næringsareal Øvre Rotset

Interessekartlegging næringsareal Øvre Rotset

I tråd med formannskapet sitt vedtak i sak 156/26 20.10.2026 vert det no gjort ei interessekartlegging før ein tek stilling til korleis kommunen vil disponere arealet på Øvre Rotset for vidare utvikling.

Dronebilete av Volda sentrum Øvre Rotset - Klikk for stort bileteDet har kome opp fleire bygg på området etter at dette biletet vart teke. Biletet viser at næringsområde som ligg langs E39 er ferdig opparbeidd med teknisk anlegg og er klar til utbygging. Erlend Sporstøl Vikestrand

Aktørar kan melde interesse for heile eller delar av området. Kommunen ønskjer mellom anna informasjon om arealbehov, type verksemd, framdrift, behov for infrastruktur og korleis etableringa kan inngå i ei heilskapleg utvikling av området. Interessekartlegginga er uforpliktande for både kommunen og dei som melder interesse, og inneber ikkje tildeling, opsjon eller rett til kjøp av areal. Eventuell seinare disponering eller sal av areala vert handsama i eigen prosess. Ved behov, vil kommunen ta kontakt for oppfølging av interessekartlegginga.

Kart som viser opsjonsområda på Øvre Rotset - Klikk for stort biletePlassering og storleik av opsjonsareala Kart

 

Evt. vedlegg sendast via eDialog til Volda kommune via lenke: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/939760946

Identifiserbare opplysningar og opplysningar som kan vurderast som forretningshemmelegheiter vert ikkje offentleggjort, jf forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2..

Svarskjema