Program
08.00–08.30: Registrering og mingling
08.30–08.45: Opning av dagen
Cecilie Teunissen, leiar ved Krisesenter for Sunnmøre.
08.45–10.15: Adoptert og forlaten
Alexander Skadberg kombinerer eigne erfaringar frå adopsjon, barnevern, utanforskap og ein utrygg oppvekst med erfaring som fagperson. Han har lang erfaring frå arbeid med barn og unge i barnevernet og er medforfattar av boka "Adoptert og forlatt – kampen for å finne hjem".
10.15–10.30: Pause
10.30–11.15: Korleis møte og forstå det vi ser når vi møter barn som er utsette for vald?
Steinar Sunde frå Familievernkontoret i Molde har gjennom 24 år arbeidd med om lag 1500 familiar der vald og skremming av barn har vore eit hovudtema. Han har utvikla det gratis tilbodet Littsint.no med videoar om sinnemestring på 11 språk.
11.15–11.45: Barn på krisesenteret
Lisa Minna Valderhaug og Martine Warberg frå Krisesenter for Sunnmøre.
11.45–12.15: Lunsj
12.15–13.00: Foreldresamarbeid og framhaldsvald etter samlivsbrot frå ein valdeleg partnar
Nora Starheim Ruud er kriminolog ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Ho arbeider med vald i nære relasjonar, erfaringane til valdsutsette og møtet deira med hjelpeapparatet.
13.00–13.15: Pause
13.15–14.15: Å vere forelder og valdsutsett
Ellen Roberg deler eigne erfaringar med vald og eit langt liv på hemmeleg adresse saman med dei fire barna sine. Ho underviser mellom anna ved Politihøgskolen og OsloMet, er medforfattar av boka Veien ut av vold, overgrep og utnyttelse og arbeider med førebygging av vald.
14.15–14.30: Pause
14.30–15.15: Korleis møte og forstå det vi ser når vi møter foreldre som er utsette for vald?
Steinar Sunde frå Familievernkontoret i Molde.
15.15–15.30: Avslutning