Invitasjon til informasjonsmøte

Invitasjon til informasjonsmøte

Vi invitere deg som eig ei hytte eller sel i Grendadalen, område D4 i kommuneplanen til informasjonsmøte 9. september.

Dato: 9. september 2024

Klokka: 12.00

Stad: Smia

Tenesteutval for forvaltning skal ha ei synfaring i området etter informasjonsmøte og i forkant av møte i utvalet seinare same dag.

Grendadalen - kartutsnitt.png - Klikk for stort bilete Kartutsnitt

Kvifor skal vi ha ei befaring i området

Avdeling Utvikling har mottatt fleire søknadar og førespurnad om forskjellige tiltak i området.
Rettleiing på feil lovtolking om søknadsplikt i LNF-område har ført til at løyve til tiltak er gitt utan at det er søkt om, handsama eller gitt dispensasjon frå det generelle byggeforbodet i LNF område.

Kva skjer vidare? 

I samband med rullering av kommuneplan for Volda kommune vil vi arbeide med å få inn føresegner om sel og hytter, slik at det kan utførast tiltak utan dispensasjon. I påvente av ny kommuneplan treng vi å ha nokre retningsliner for kor store hytter, sel og tiltak det vil bli kunne gitt dispensasjon til, i område D4.

I løpet av hausten vil det bli utarbeidd eit forslag til forvaltningspraksis i dispensasjonssaker for område. Forslaget vil bli sendt på høyring til overordna mynde og lokale partar for uttale. Etter høyringsprosessen vil forslaget bli lagt fram for planmynde, Formannskapet, til politiske handsaming.

 

Planar og retningsliner for område

 

LNF-område

D4 er i kommunedelplan for tidelegare Hornindal satt av til LNF-område, utan høve til spreidd utbygging. LNF betyr landbruks-, natur- og friluftsliv (LNF). Omgrepet vert nytta som arealføremål for område som skal sikrast til landbruksproduksjon, naturområde eller område med spesiell verdi for friluftslivet.  

 

Gjennom å setje av område til LNF i kommuneplanen, vil omsyna til dei ulike ålmenne interessene gå føre private interesser som f. eks. utviding av eksisterande busetnad. Dette er areal som i det vesentlege skal vere ubebygd, men der det kan tillatast busetnad som fremjar arealføremålet f.eks. driftsbygning i landbruk eller byggverk i tilknytnad til friluftsliv. Dersom tiltaket ikkje er i tråd med dette, er byggeløyvet avhengig av ein dispensasjon frå det generelle byggeforbodet.

 

Viktig friluftsområde

Området er i kommunedelplan for tidlegare Hornindal markert som område som er lokalt og regionalt viktig for allmenn friluftsliv, D4 sårbart område i Grendadalen. Dette er område der hyttebygging eller andre tiltak som kan vere med på å forringe kvaliteten som natur- og friluftsområde, ikkje er tillate.

 

Differensiert forvaltningsplan for Hornindalsvassdraget (verna vassdrag)

I 1973 vart ved vedtatt ein plan for verna vassdrag, der området D4 er viktig friluftsområde og Hjortedalssætra, Storesætra og Bruasætra er markert som viktige naturområde (EDNA, biologisk mangfald m.m). Området ligg i sone II – område med middels grad av menneskeleg påverknad. Verneverdiane er knytt til det overordna landskapsrommet, mange vakre kulturlandskap, område med kulturminne, frå steinalderen fram til byrjinga av 1900-talet. Det skal særleg leggast vekt på å ta vare på friluftsområda og verneverdige og viktige naturforekomstar, kulturlandskap, kulturminne og fiskesressursar. Ein skal unngå plassering av hus og hytter nær inntil vassdraget/mellom vassdraget og hovudveg.

 

Seterdalsanalysen

Tidlegare Hornindal kommune vedtok Seterdalsanalysen som retningsgivande for hyttebygging. Seterdalsanalysen inneheld konkrete teikningar som synleggjer utforming på tiltak i desse områda. Den tilrår hyttestorleik med bebygd areal opptil 5 x 9 m med maks høgde på 5 m. Gjerne med tilbygg slik at bygningskroppen kan skyast inn i terreng. Hyttene må byggast med sterke fellestrekk men med  variasjon slik at stedskarakter vert oppnådd i den enkelte grend. Det er viktig å skjule hyttene i terrenget, det vil seie å utnytte terrenget sine moglegheiter, ikkje endre meir enn aller mest naudsynt og bevare vegetasjon mest mogeleg.

 

Kulturminneplan

Områda er registret med lokal verneverdi i kulturminneplan.

Kva betyr dispensasjon?

Dersom tiltak ikkje er i tråd med plan, må det søkjast om dispensasjon.

Det følger av plan- og bygningsloven §19-2 at kommunen kan gje dispensasjon dersom følgjande to vilkår er oppfylt:  

  • omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå eller omsyna bak lova sine føremålsføresegner ikkje blir vesentleg tilsidesett, og 
  • fordelane ved å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering 

Dette betyr at det må vere ei klar overvekt av omsyn som talar for dispensasjonen.  

Dersom vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt kan kommunen gje dispensasjon. «Kan- vurderinga» er ei skjønnsvurdering og inneber at kommunen har høve, men inga plikt, til å gje dispensasjon. 

Kommunen må vurdere heilskapleg om det er føremålstenleg å gje dispensasjon.