Jordvernkonferanse 26. mars 2025Påminning til jordvernkonferanse onsdag 26. mars 2025.Kvifor jordvern?Å lage matjord tek tusenvis av år. Volda og Ørsta kommunar er to av dei største landbrukskommunane i Møre og Romsdal, og har ei viktig rolle for matproduksjonen i fylket. Samtidig står kommunane på Søre Sunnmøre jamleg overfor utfordringar der større og mindre landbruksareal vert vurdert til utbygging, infrastruktur og andre formål.Dei nasjonale jordvernmåla har blitt strengare. I jordvernstrategien som Stortinget vedtok i 2023, er målet for omdisponering av dyrka mark sett til maksimalt 2000 dekar per år. Kvifor er jordvern viktig? Og korleis skal vi følgje opp dette i kommunane?Med støtte frå Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, inviterer vi politikarar, næringslivet, jordeigarar, faglag, bondelag, kommunetilsette og andre interesserte på Søre Sunnmøre til ein dag med innsikt, diskusjon og fagleg påfyll. Konferansen er eit ledd i arbeidet med den kommunale jordvernstrategien.Dato: Onsdag 26. mars, frå kl 13.30–17.30Stad: Samfunnshuset i VoldaMålgruppe: Politikarar, næringsliv, jordeigarar, faglag, bondelag, kommunetilsette og andre interessertePåmeldingsfrist: 20.marsPris: 300,-Meld deg på no og sikre deg plass!Program:1330–1400 Registrering og minglingVelkomen ved Ordførar Sølvi Dimmen og videohelsing frå landbruks- og matminister Nils Kristen SandtrøenArealbruk og utvikling, beredskap og potensiale. Frank Madsøy, Statsforvaltaren i Møre og RomsdalBeinstrekkJordsmonnet – der livet startar og verdiar blir skapte, Arne Bardalen, NIBIOPause - matserveringLevande mold – der alt liv kjem frå og vender tilbake til, Dag Jørund Lønning, professor i nyskapning og bygdeutvikling, forfatter av Jordboka 1 og 2, Kompostboka mm..Jordvern og vegbygging, Per Gunnar Løset, Fylkesvegavdelinga hos Møre & Romsdal fylkeskommunePaneldebatt Konferansier/moderator: Rebecca Riise Bjerknes Link til påmelding Publisert 10.03.2025 11:32 Sist endra 17.03.2025 11:33