Juleavslutning for Volda og Hornindal danseverkstad

Juleavslutning for Volda og Hornindal danseverkstad

Eit fantastisk show, og vi er glade for å ha fått eit slikt lågterskeltilbod i Volda, seier ein av dei frammøtte. I Volda er danseverkstaden eit nytt tilbod frå Frisklivssentralen.

Bilete av danserane som har juleshov i aulaen på Volda ungdomsskule. - Klikk for stort bileteElevar og instruktørar ved Volda danseverkstad framførte eigenkomponert juledans. Linda Tomasgard

Volda danseverkstad vart etablert på Volda ungdomsskule av Frisklivssentralen i Volda i september i år, etter at fire unge jenter var ferdige med instruktørutdanning gjennom organisasjonen Dans utan grenser. 

I Hornindal har Hornindal frivilligsentral drive danseverkstad i fleire år, med stor suksess, og dette var noko vi ønskte å etablere i Volda også, seier Linda Tomasgard, frisklivskoordinator. I samarbeid med Hornindal frivilligsentral og engasjerte ung-instruktørar er vi no so heldige å kunne tilby danseundervisning for barn både i Hornindal og i Volda. Dette er og skal vere eit lågterskeltilbod for dei som ønskjer å danse, der vi ikkje måler resultat og ferdigheite, men fokuserer på samhald, gode haldningar, og ikkje minst å ha det moro i lag, avsluttar Linda. 

Dans utan grenser er godt etablert i gamle Sogn og Fjordane, der Hornindal høyrde til før kommunesamanslåinga. No håpar vi at dei også vil sjå til Møre, og etablere dette tilbodet fleire stader i vår region. Vi ser at danseverkstadane er av stor verdi, både for dei unge instruktørane og for elevane deira. Ung til ung-formidling er ein modell som bidreg til å bygge sjølvstendige, trygge og ansvarlege ungdomar seier Kristine Sofie O. Hansen, som har jobba med ung-instruktørane i Hornindal i fire år. Det er heilt fantastisk å sjå den positive utviklinga deira, frå vi sender dei på den første instruktørsamlinga, til avlagt eksamen, og etter å ha undervist ei tid. Og at elevane kosar seg er heilt tydleg, når vi ser dei sprett rundt på dansegolvet med store smil om munnen. 

Førre veke framførte begge danseverkstadane sine juleshow, der dei viste kva dei har lært dette semesteret. Mange frammøtte foreldre, søsken og andre vart budde på både dans, musikk og sosialt samvære, og tilbakemeldingane var svært gode. Instruktørane fekk også mykje skryt for den frivillige innsatsen dei legg ned. Dei er gode gode forbilder og rollemodellar som er trent i å sjå kvar enkelt elev.   

Dette var eit fantastisk show, og vi er glad for å ha fått eit slikt lågterskeltilbod i Volda, seier Mette Ryste, forelder. Måten det er lagt opp på er passe seriøs, og er ein plass der ungane gler seg til å komme. Vi ser at i tillegg til å vere aktiv og lære seg å danse, er dette også ein plass der dei blir betre kjent og får nye vener. 

Gruppebilde av dansarar med nisseluer. - Klikk for stort bileteInstruktørar og elevar ved Hornindal danseverkstad klare for show. Kristine Sofie Orheim Hansen