Julehøgtida står for døra, og mange ser fram til nokre rolege dagar med familie, vener og gode tradisjonar. Jula handlar om fellesskap, omtanke og å ta vare på kvarandre – verdiar som også er viktige for oss i Volda gjennom heile året.
Jula ei tid for glede og forventning, men vi veit at ikkje alle har det slik. For nokre er jula ei stille tid der det vanskelege vert vanskelegare, einsemd kan kjennast sterkare og saknet etter nokon som er borte vert ekstra sårt. Difor vil eg oppmode alle til å sjå kvarandre litt ekstra. Kanskje kan ein telefon, ei melding eller eit lite besøk bety meir enn vi trur. Små handlingar kan gjere ein stor forskjell.
2025 har vore eit år med både krevjande val og store ambisjonar. Vi har jobba hardt for å sikre ein berekraftig kommuneøkonomi, samstundes som vi skal halde fram med å utvikle Volda som ein attraktiv stad å bu, arbeide og studere. Det er ikkje alltid enkelt, men vi har vist at vi står saman når det trengst. Eg vil rette ein stor takk til dei tilsette i kommunen, administrasjonen og dei folkevalde for innsatsen gjennom året. Takk også til næringslivet, frivillige lag og organisasjonar – og til alle innbyggjarar som kvar dag bidreg til å skape eit levande lokalsamfunn. Samspelet mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor er ein styrke vi skal ta vare på. Ei ekstra takk går til alle dei som er på jobb og held samfunnet gåande medan vi andre kan ta ferie. De er ekte kvardagsheltar!
Vi går inn i 2026 med nye utfordringar og krevjande endringar og omstillingskrav, men også med store moglegheiter. Volda er ein kommune med sterke tradisjonar, eit rikt kulturliv, eit stødig næringsliv og eit spanande studiemiljø som gir oss energi og utviklingskraft. Det gir grunn til optimisme., sjølv når kommunen vår står overfor store krav til omstilling som vil krevje mykje av oss alle for å sikre berekraftige tenester for framtida. Endringar kan vere utfordrande, men gir også nye muligheiter. Endringsvilje og evne til å dra nytte av nye muligheiter, ligg sterkt i den sunnmørske ånda og identiteten. La oss halde på den.
Eg ønskjer dykk alle ei fredeleg og god jul, og eit godt nytt år – med nye sjansar og gode opplevingar.
Sølvi Dimmen
Ordførar i Volda kommune