Kaja Kalvatsvik Bolsø

Bilete av Kaja Kalvatsvik Bolsøy, nytilsett på avdeling  dokumentasjon og service. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Kaja Kalvatsvik Bolsø er tilsett som spesialkonsulent på avdeling dokumentasjon og service. Ho tok til i stillinga 22. august.

Kaja har ein allsidig utdanningsbakgrunn innan samfunnsvitskap, administrasjon og jus. Studia har ho tatt både i Volda, Molde og Bergen. I Volda kommune skal ho arbeide med postføring, arkiv og møtesekretær.

Eg er glad i å lære noko nytt og få nye utfordringar, seier Kaja, som har vakse opp i Volda. No bur ho i Volda i lag med sambuaren sin.

Tidlegare har Kaja har jobba to år i NAV Herøy og Vanylven med brukaroppfølging.

Dokumentasjon og service fekk ei ledig stilling etter at Liv Oddrun Ytrebø slutta.