Kartlegging av artsrike blomsterenger

Kartlegging av artsrike blomsterenger

Bildet viser ei blomstereng Kristine Cinate / Unsplash


Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) skal i veke 28 (10.–14. juli) kartlegge artsrike blomsterenger i Ørsta og Volda.

Kartlegging

NIBIO vil finne ut om engene er i bruk eller om dei held på å gro igjen med busker og skog.

Kartlegginga er ein del av eit nasjonalt overvakingsprogram, som er ei langsiktig, nasjonal satsing om å betre kunnskapsgrunnlaget om artsrike enger, tilstanden og mogelege arealendringar. Kartlegginga blir utført på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Målsetjinga med registreringa er å få ein nasjonal statistikk på korleis det står til med dei artsrike engene i Noreg. Den som kartlegger vil for kvar blomstereng vurdere tilstanden og naturmangfaldet. Vurderinga blir gjort etter en fastsatt metodikk.

 

Grunneigarar

NIBIO vil ta kontakt med relevante grunneigarar. Tilstandsvurderinga vil ikkje føra med seg nokon restriksjonar i drifta, men kan derimot leggje grunnlag for å kunne søkje tilskot for framtidig skjøtsel dersom nye artsrike enger blir registrert.

Les NIBIO sitt informasjonsskriv til grunneigarane. (PDF, 119 kB)

 

Kva er ei artsrik blomstereng?

Artsrike enger kan vere både slåttemarker og beitemarker som ikkje er fulldyrka, dvs. ikkje isådd, gjødsla med kunstgjødsel og/eller sprøyta og kan også omtalast som blomstereng eller seminaturleg eng. Det er veldig få artsrike enger igjen i Noreg.

 

Kontaktpersonar

Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med NIBIOprosjektleiar Annette Bär (mobil 93 49 92 48) og/eller Sølvi Wehn (mobil 93 21 89 97) frå Multiconsult.