Kartlegging av frivillig sektor i Volda kommune

Kartlegging av frivillig sektor i Volda kommune

I samband med utarbeiding av Temaplan for frivilligheit ber vi frivillige lag og organisasjonar om å svare på nokre spørsmål. 

Kristine Sofie Orheim Hansen og Astrid Gjersdal  - Klikk for stort bileteKristine Sofie Orheim Hansen og Astrid Gjersdal Volda kommune

Volda kommune gjennomfører no ei omfattande kartlegging av den frivillige sektoren i kommunen. Alle leiarar og kontaktpersonar for frivillige lag og organisasjonar er inviterte til å delta i ei undersøking som skal gi innsikt i organisert frivilligheit i kommunen.

Kartlegginga er ein del av arbeidet med Temaplan for frivilligheit, som skal skape eit sterkare grunnlag for samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor i Volda. Gjennom undersøkinga ønsker kommunen å avdekke utfordringar og avklare forventningar til vidare samarbeid.

– Frivillig sektor spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og vi ynskjer å sikre gode rammevilkår for lag og organisasjonar, seier leiarane for frivilligsentralane i Volda.

Kommunen oppmodar alle som har styreverv i frivillige lag og organisasjonar om å svare på undersøkinga, ettersom desse har verdifull innsikt i korleis det frivillige arbeidet fungerer. Svara vert behandla av frivilligsentralane og resultata vert oppsummert som ei samanfatting utan at det kjem fram kven som har svart kva.

 

Svarfristen for undersøkinga er 24. februar

Svar via denne lenkja (forms.office.com)

Kontakt

Kristine Sofie Orheim Hansen
dagleg leiar Hornindal Frivilligsentral
E-post
Mobil 41 51 28 13
Astrid Gjersdal
leiar, frivilligsentralen
E-post
Mobil 91 72 56 39