Kartlegging av tilgjengelegheit 

Kartlegging av tilgjengelegheit 

I løpet av sommaren 2024 skal Volda kommune kartlegge tilgjengelegheita til offentlege bygg og område med fokus på universell utforming. 

Formålet med prosjektet 

I Volda kommune sin samfunnsdel har vi eit hovudmål om at “Volda kommune sine innbyggjarar opplever fleire leveår med god helse og trivsel, og reduserte sosiale forskjellar”. Dette inneber at alle i kommunen skal kunne delta og verte inkludert i samfunnet. Alle skal kunne ha moglegheit til å reise til og delta på ulike arenaer i kommunen. Kartlegginga vil gi oss auka kunnskap om dagens status, hjelpe oss til å identifisere utfordringar og behov og nyttast som grunnlag for prioritering av løysingar.  

Bilete av Abbas ved hovudinngangen til Volda rådhus. Han viser fram vater og måleband. - Klikk for stort bileteAbbas Tamimi viser fram måleutstyret og er klar til å ta fatt på arbeidet. Liam Andreas Langstøyl

Gjennomføring og resultat 

Volda kommune har fått tilskot frå Kartverket til å gjennomføre kartlegginga. Det er to sommarvikarar som skal utføre arbeidet i løpet av sommaren 2024. Prosjektet skal gjennomførast i tråd med Kartverket si rettleiar Kartlegging av tilgjengelighet og universell utforming. Data frå kartlegginga vert offentleg tilgjengeleg på kartportalen norgeskart.no.  

Kvar skal vi kartlegge? 

Kartlegginga tek føre seg offentlege bygg og område, i hovudsak i Volda og Grodås sentrum. Områder der flest folk ferdast vil bli prioritert. 

Kva skal kartleggast?  

Kartlegginga tek føre seg offentlege areal utandørs, som til dømes vegar, parkeringsplassar, inngangar og sittegrupper. I tråd med Kartverket si rettleiar er det tilgjengelegheita for personar i rullestol og personar med synshemmingar som har størst fokus. 

Samarbeid 

Eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing skal bli involvert i arbeidet. 

Prosjektet er støtta av Kartverket. 

Spørsmål eller innspel? 

Ta kontakt med Regine Solberg Aklestad, berekraftskoordinator Volda kommune. E-post: regine.solberg.aklestad@volda.kommune.no