Kartlegging av tilgjengelegheit

Kartlegging av tilgjengelegheit

Sommaren 2024 har Volda kommune kartlagt tilgjengelegheita til offentlege bygg og område, med fokus på universell utforming.  

 

Kvifor kartlegg vi?

I samfunnsdelen til Volda kommune har vi eit mål om at alle innbyggjarane skal oppleve fleire år med god helse og trivsel. For å oppnå dette må alle kunne delta i samfunnet på lik linje. Målet med universell utforming er å gjere samfunnet enklare å orientere og bevege seg i for så mange som mogleg. Å klare seg sjølv og kunne ta aktiv del i samfunnet er viktig for innbyggjarane si helse og trivsel. Kartlegginga av tilgjengelegheit og universell utforming hjelper oss å forstå korleis tilgjengelegheita er i dag, slik at vi kan planlegge og prioritere betre løysingar framover.

Korleis har vi kartlagt?

Volda kommune har fått støtte frå Kartverket til å gjennomføre kartlegginga. To sommarvikarar har vore ute i felt og samla inn data i tråd med Kartverket sine retningslinjer for universell utforming. Resultata er offentlege og kan sjåast på nettstaden norgeskart.no.

 

Bilete av Abbas ved hovudinngangen til Volda rådhus. Han viser fram vater og måleband. - Klikk for stort bilete Liam Andreas Langstøyl

Kva område er kartlagt?  

Kartlegginga tek føre seg offentlege bygg og uteområde, i hovudsak i Volda og Grodås sentrum. Vi har prioritert stader der flest folk ferdast.  

 

Kva er kartlagt?   

Kartlegginga tek føre seg offentlege areal utandørs, som vegar, parkeringsplassar, inngangar og sitteplassar. Hovudfokuset har vore på tilgjengelegheita for personar i rullestol og for dei med synshemmingar, i tråd med Kartverket sine retningslinjer.

 

Samarbeid

Eldrerådet, råd for personar med funksjonsnedsetting og formannskapet har fått informasjon om kartlegginga. Volda pensjonistlag vil få ei orientering 30. oktober. 

 

Har du spørsmål eller innspel?  

Ta gjerne kontakt med berekraftskoordinator Regine Solberg Aklestad. E-post: regine.solberg.aklestad@volda.kommune.no