Kartverket har sendt saka på lokal høyring i Volda kommune, jf. §8 i lov om stadnamn, ettersom delar av eigedommen det gjeld ligg i Volda. Høyringsfrist: 01.08.2026.
For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga for SSR. Nokre bruksnamn står berre i matrikkelen, og er søkbare i Eigedomsregisteret
Søk på gnr./bnr., namnet på kommunen, t.d.15/2, Stryn.
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og naturnamn. Før det vert gjort vedtak skal saka på lokal høyring.
Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.
Etter § 4 i stadnamnlova er hovudregelen å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen og fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn. Skrivemåten skal vere praktisk og ikkje skygge for meiningsinnhaldet i namnet.
Høyringsinnspel kan sendast til
postmottak@volda.kommune.no
eller Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda innan 01.08.2026.