Kartverket skal flyfotografere på Søre Sunnmøre

Kartverket skal flyfotografere på Søre Sunnmøre

Bilete av asfaltveg med kvitt merkepunkt. - Klikk for stort bileteSlike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Utpå eksempelvis eit jorde, blir ei kvit papplate plassert som signalering. Signalerte fastmerke er naudsynte når vi tar flyfoto av terrenget. Marianne Fagerland Kjelstad, Kartverket

Dei næraste månadane kan du sjå personar som målar kvite firkantar på bakken. Desse merka skal brukast når Kartverket skal flyfotografere kommunen.

Det er eit sikkert vårteikn å treffe på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller heilt utpå jordet. Ta godt imot landmålaren, og la merket vere i fred. 


Uventa gjester på besøk

Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og malingsspann i neven inn i hagen din? Huset og hagen din får du ha i fred. Men: Eig du ein veg eller annan eigna stad for signalering, kan det hende du får gjester på eigedomen din.

Matrikkellova gir lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Du skal kunne rekne med at dei tek omsyn når dei jobbar.


Vårens vakraste oppdrag

Det er opphaldsvêr og tørt terreng. Etter å ha funne flat og fast grunn og rydda bort forstyrrande vegetasjon, set landmålaren i gong med å hamre inn ein høveleg spiker. Fram med målarkosten og kvitmalinga. Spikaren skal signalerast og målast inn. Ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt blir måla på bakken, og landmålaren målar inn fastmerket med sitt utstyr.

No skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Klart til å kartleggje.


Ekstra mange nye merke i år

– Ein ny standard med nye kvalitetskrav gjer at mange eksisterande fastmerke ikkje kan brukast lenger. Det betyr enda fleire nymåla firkantar rundt om i landet i år, seier Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Fastmerke er kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken.

– Alle fastmerka må plasserast der det er føremålsteneleg for kartlegginga, seier Skaaret. Plasseringa er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjere i felt.


Takk for hjelpa!

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekk til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid, og vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige, oppmodar Jon Otter Skaaret.


Her skal det fotograferast

Kartverkets verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet, der 16 600 km2 skal fotograferast i 2023.

Det andre er den rullerande fotograferinga som skjer over heile landet. Der skal 71 800 km2 fotograferast i 2023.

Og vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

Norge i bilder