Volda kommune
Paul Ottar Tornes leia oss gjennom kvelden og viste korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i søknadsarbeid – eit tema som engasjerte mange.
Vidare fekk deltakarane høyre eit inspirerande innlegg frå Gunnar Andenes om arbeidet med Trivsel i sentrum, og Øyunn Iversen frå Tilskuddsportalen heldt eit nyttig og verdifullt kurs i korleis ein kan skrive gode søknadar og finne rett tilskot til prosjekta sine.
Dette var årets siste treff for Volda frivilligforum, og det vart ei flott avslutning på eit år med mykje engasjement og samarbeid. Neste år ventar nye, spennande tema og møteplassar for alle som bidreg frivillig i lokalsamfunnet.
Hurra for dei frivillige – og takk for all innsatsen de legg ned for andre!
Tilskuddsportalen
Tilskuddsportalen er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 søkbare tilskot. Tilskotsportalen gir ein god oversikt over ulike tilskot.
Tilskuddsportalen består av to portalar: Éin for kommunetilsette og éin for frivillige i lag og foreiningar samt organisasjonar.
Volda kommune abonnerer på Tilskuddsportalen, så den er gratis å bruke. Alt du treng å gjere, er å registrere deg.
Tilskuddportalen.no