Kjenner du nokon som fortener å bli heidra? 

Kjenner du nokon som fortener å bli heidra? 

Øyvind Lied, tidlegare vinnar av kulturprisen. - Klikk for stort bileteØyvind Lied, tidlegare vinnar av kulturprisen. Bente Engeseth Send oss forslag om kven du meiner fortener å få kulturprisen i Volda kommune!

Volda kommune ser på kulturlivet som ein stor del av samfunnet vårt. Kommunestyret i Volda ynskjer å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler difor årleg ut ein kommunal kulturpris.

Denne kulturprisen kan tildelast både enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar, eller til institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune.

Det er ein føremon at vinnaren har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

Kulturprisen kan også delast ut til kandidat som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturinnsatsen har kome, eller kjem Volda kommune til gode.

Tidlegare prismotakarar

Ørsta Volda Ballettskule ved Synnøve Rekkedal Hill fekk prisen i 2017 og Magnar Åm i 2018.  I 2019 vart kulturprisen tildelt båtbyggjarane på Bjørkedalen, i 2020 Øyvind Lied, og  2021 Volda mannskor

Retningsliner for kulturprisen:

  • Volda kommune sin kulturpris blir utdelt som honnør til mottakaren for verdifull innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen blir delt ut kvart år.
  • Målsettinga med prisen er å stimulere kulturarbeidet i kommunen.
  • Kulturprisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune, og som har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Kulturprisen kan også delast ut til kandidat som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturinnsatsen har kome, eller kjem Volda kommune til gode.

 

Vurderingskriterie for Volda kommune sin kulturpris:

  • Over tid – «lang og tru teneste»
  • Mangfald - innsats innanfor fleire område av kulturlivet
  • Kvalitet – fremjing av/utøving av kultur av høg kvalitet, medverknad til heving
  • Særskilde grupper – verdifull kulturinnsats for grupper med særskilde behov
  • Formidling/marknadsføring av eit kulturområde i kommunen og ut over kommunegrensa

Kulturprisen blir kunngjort med ein frist for å sende inn forslag på kandidatar det enkelte år. Fristen skal annonserast i avis og på kommunen si heimeside. Alle kan sende inn forslag, og forslaga skal vere skriftlege og grunngjevne.

Ein jury på tre medlemer avgjer kven som skal få prisen. Juryen er samansett av ordførar, leiar og nestleiar for Tenesteutval for oppvekst og kultur.

Jurymedlemer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og juryen kan tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksternt forslag på.

Prisen er på 10.000 kr, og blir overrekt av ordføraren i tilknyting til eit kommunestyremøte.

Frist for å sende inn forslag i år er 8. juni 2022.

 

Send inn forslag til:

Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda,  postmottak@volda.kommune.no eller levere i skranken på rådhuset.