Kjenner du nokon som studerer og treng sommarjobb?

Kjenner du nokon som studerer og treng sommarjobb?

Sommarjobb for student – utgreiing av biogass i avløpsbransjen

Landbruksjord  - Klikk for stort bilete Regine Solberg Aklestad

Sommarjobb for student – utgreiing av biogass i avløpsbransjen

Vil du bidra til å utvikle kunnskap om biogass og berekraftige løysingar i avløpssektoren?
Vi søkjer ein engasjert student til sommarjobb i kommunen, der du får høve til å arbeide med eit aktuelt og samfunnsnyttig tema.

Om stillinga

Som sommarstudent vil du gjennomføre ei litteraturstudie knytt til bruk av biogass i avløpsbransjen. Arbeidet inneber å samle, systematisere og analysere relevant kunnskap innan feltet.
Oppgåver vil mellom anna vere:

  • Kartlegging av bruk av biogass i avløpssektoren
  • Gjennomgang av regelverk, særleg gjødselvareforskrifta
  • Vurdering av bruk av biorest i landbruket
  • Oversikt over kostnader og inntekter ved drift av biogassanlegg
  • Kartlegging av tal biogassanlegg i Noreg
  • Analyse av dagens bruk og framtidig potensiale for biogass frå avløpsslam
  • Andre relevante problemstillingar innan temaet


Det er ikkje krav om forkunnskap innan fagfeltet – du vil få nødvendig rettleiing undervegs.

Kvalifikasjonar

  • Student ved høgare utdanning (bachelor- eller masterstudium)
  • Interesse for miljø, berekraft og/eller tekniske fag

Vi tilbyr

  • Ei fleksibel sommarstilling over 4–6 veker
  • Arbeidstid på dagtid mellom kl. 08.00–16.00
  • Stor grad av fleksibilitet – det er mogleg å tilpasse arbeidsdagar (t.d. ta fri ved behov eller fint vêr)
  • Relevant arbeidserfaring innan eit viktig og aktuelt fagområde
  • Timeløn etter avtale

 

Praktisk informasjon

  • Arbeidsstad: Volda rådhus
  • Oppstart: Etter avtale
  •  Søkjar må sjølv ordne bustad

 

Søknad

Send e-post til lars.fjervold@volda.kommune.no
 

Kontakt

Lars Fjærvold
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 86 38 46