Klare for nytt rettleiingskurs for føresette

Klare for nytt rettleiingskurs for føresette

Sektor oppvekst inviterer til kurs til føresette med barn frå 4 månader til 6 år. 

Illustrasjonsteikning med tekst. Trygg base, trygg havn, Støtt min utforsking, Ta meg imot når jeg kommer til deg, Pass på meg, Gled deg over meg, Hjep meg, Ha det fint med meg - Klikk for stort bilete Illustrasjon: Cooper, Hoffman, & Powell


Kurs på dagtid med oppmøte på helsestasjonen startar opp 29.02.24 siste kursdag 18.04.24. Kurset har 7 samlingar torsdagar 13.30-15.00. 

Det digitale kurset som går på kveldstid starta opp 9. januar og siste kursdag 27. februar. Det er plass til 10 deltakarar. Dette kurset er fullt, men du kan melde deg på nytt kurs til hausten 2024.

I påmeldingsskjemaet vel du kva kurs du vil delta på.

Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggleikssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.

Målet med kurset

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

Påmelding, tid og stad

Kurs på dagtid med oppmøte på helsestasjonen startar opp 29.02.24 siste kursdag 18.04.24. Kurset har 7 samlingar torsdagar 13.30-15.00. 

Vi oppmodar om at begge føresette deltek.   Det er plass til 10 deltakarar på begge kursa.  Først til mølla-prinsippet.

Påmelding

Om du ikkje får plass på kurset kan du velje å stå på venteliste. Det kjem fleire kurs. Sektor oppvekst planlegg å ha 4 kurs i året der to er digitale på kveldstid og to er med fysisk oppmøte på dagtid.

Meir informasjon om kurset med oppstart 29.02.24

Torsdag 29.02 kl 1330-1500

Kapittel 1

Velkommen til kurs i Trygghetssirkelen

Inngang nede ved Helsestasjonen. Kantina på rådhuset
Torsdag 07.03 kl 1330-1500

Kapittel 2

Barnas behov rundt Trygghetssirkelen

Inngang Rådhuset. Møterom Austefjorden
Torsdag 14.03 kl 1330-1500

Kapittel 3 og 4

Å “være sammen med” på Sirkelen 

“Å være sammen med” Babyer på Sirkelen

Inngang Rådhuset. Møterom Voldsfjorden
Torsdag 21.03 kl 1330-1500

Kapittel 5

Veien til Trygghet

Inngang Rådhuset- Møterom Austefjorden
Torsdag 04.04 kl 1330-1500

Kapittel 6

Utforskning av det vi strever med

Inngang Rådhuset- Møterom Austefjorden
Torsdag 11.04 kl 1330-1500

Kapittel 7

Brudd og Reparasjon i relasjoner

Inngang Rådhuset- Møterom Austefjorden
Torsdag 18.04  kl 1330-1500

Kapittel 8

Oppsummering og feiring

Inngang Rådhuset- Møterom Voldsfjorden