F.v.: Regine Solberg Aklestad, planleggar i Volda kommune, Jens Groven, høgskulelektor ved Institutt for kommunikasjon, Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda, Pia Fiskvik Karfjell, markedsdirektør KLP, Nina Viddal, dagleg leiar ved Norsk Innovasjonssenter, Gro Myking, konserndirektør for kommunikasjon og marked KLP, Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst og Rune Sjurgard, kommunedirektør.
Bente Engeseth
Volda kommune fekk denne veka besøk av to sentrale representantar frå KLP, Pia Fiskvik Karfjell, marknadsdirektør i KLP, og Gro Myking, konserndirektør for kommunikasjon og marknad. KLP er eigd av kommunar, fylkeskommunar, helseføretak og verksemder som gir dei tilsette si offentlege tenestepensjon.
– Rune Sjurgard er ein ressursperson i mange samanhengar, også for KLP. Vi legg vekt på å ha tett dialog med eigarane våre. Vi har mellom anna ressursgrupper for kommunedirektørar og for politikarar, som gjev oss nyttige innspel om korleis KLP kan skape verdi for eigarane. Både gjennom desse foruma og i andre samanhengar har vi vore i kontakt med Sjurgard og fatta interesse for prosjektet Volda har om innbyggjarinformasjon, seier Gro Myking, konserndirektør for kommunikasjon og marknad i KLP.
– Vi legg stor vekt på tett og relevant dialog med kommunane som eig KLP.
– Kommunikasjonsutfordringane kommunane har rundt forventningsgapet er noko vi høyrer frå mange av våre eigarar. Det er eit gap mellom forventingane til tenestene og kva kommunane klarer å levere, og kommunikasjonsutfordringa rundt dette.
– Ein må realitetsorientere litt og skape forståing. Når det er slik at Volda kommune jobbar veldig dedikert og profesjonelt med dette saman med Høgskulen i Volda, så kan det vere av stor interesse for andre. Så dette hadde vi lyst til å høyre meir om.
– Slik vi høyrer det er det veldig mange like problemstillingar, og så løyser kommunane det på litt ulike måtar. KLP er eigd av kommunane, og vi er ein stor aktør som har kontakt med mange. Vi trur derfor at vi kan bidra gjennom å kommunisere og sette fokus på det eigarane våre er opptekne av. Vi ønsker då å lære litt meir om Volda kommune sitt prosjekt. Dersom dette er «best practice», er det eit bodskap vi både kan dele vidare og bruke i vår eiga utvikling og læring.
Ønskjer å belyse tema som er viktige for samfunnsutvikling
– Det å kommunisere ut til folk om problemstillingar som gjeld alle, som folk treng å forstå, det er ei stor og kompleks oppgåve, seier Pia Fiskvik Karfjell frå KLP.
– KLP leverer den offentlege tenestepensjonsordninga for alle som arbeidar i kommune- og helsesektoren hos KLP sine eigarar. Denne ordninga gir alderspensjon, uførepensjon og etterlattepensjon – og er eit viktig bidrag til at kommunen er ein attraktiv arbeidsgivar. Mange tilsette kjenner godt til lønna si, men er ikkje alltid fullt medvitne om alle dei trygge ordningane som ligg i pensjons- og forsikringspakken.
Verdiskaping
– Mykje heng saman. Vi som samfunn har utfordringar med å klare å levere alle tenester, ikkje berre på grunn av pengar, men på grunn av mangel på folk. Om vi i fellesskap klarer å få fram alle dei gode ordningane vi har, som verdien av det å stå lenger i jobb, å kombinere pensjon og jobb knytt til det nye regelverket, så er det ein felles innsats for at tenestetilbodet i kommunane kan fungere endå betre. Dette arbeidet har høg prioritet i KLP.
Utfordringar knytt til utanforskap kostar, – og utfordringar knytt til demokrati og polarisering er ting som truar velferdssamfunnet og tilliten til styresmaktene.
– Demokratiet er grunnmuren og om den begynner å forvitre så forvitrar velferdssamfunnet og heile samfunnskonstruksjonen, la Sjurgard til.
Dette var representantane frå KLP heilt einige i. Det er akkurat dette dei synes er interessant, at ein ser alt i samanheng, og ikkje berre med å realitetsorientere om dei økonomiske utfordringane.
Generalistkommuneutvalet konkluderte med at kommunane leverer 80% av lovpålagte oppgåve. Dette betyr at Stortinget har pålagt kommunen meir enn det kommunane klarer å levere, seier Sjurgard.
– KLP ser det som sitt bidrag å støtte opp om offentleg sektor. Det er viktig at folk ser det positive med å jobbe i kommune og offentleg sektor, men også at det er verdiskaping.
– Vi i KLP leitar heile tida etter dei kommunane som går litt føre, og det opplever vi at Volda gjer. Vi vil ta med oss Volda kommune sine erfaringar vidare. Vi synes det har vore lærerikt og inspirerande å besøke kommunen.
Volda kommune takkar KLP for besøket og ser fram til vidare godt samarbeid.
Kva er forventningsgapet mellom kommunen og innbyggjarane?
Forventningsgapet handlar om skilnaden mellom kva innbyggjarane trur kommunen kan levere, og kva kommunen faktisk har ressursar og kapasitet til å levere.
Innbyggjarane sine behov og forventningar aukar, samtidig som kommunane må løyse stadig fleire oppgåver innanfor strammare økonomiske rammer. Når det ikkje er samsvar mellom forventningane og realitetane, oppstår det frustrasjon – både hos innbyggjarane og hos dei som jobbar i kommunen.
Tydeleg og god kommunikasjon er derfor viktig for å skape forståing, realitetsorientering og tillit mellom kommunen og innbyggjarane.