"Knask & Plask" på VoldabadetGratisarrangement for 6. og 7. klassingar i Volda kommune. Canva “Knask & Plask” er eit heilt nytt konsept som vi no skal prøve ut for første gong. Dette er ein gratis møteplass for 6.–7. klassingar i Volda kommune. På “Knask & Plask” kan borna prøve aquagym, det vert spa i opplæringsbassenget, konkurranse i å skli fort i sklia og stupekonkurranse i 25-meters bassenget. Knaskande frukt vert også servert. Dato: måndag 6. aprilKlokka 13.00–16.00 Stad: Voldabadet.“Knask & plask” er gratis og krev ikkje påmelding.Aldersgrensa for å nytte Voldabadet utan følgje av føresette er 12 år. Badevertane i Voldabadet ivaretek trivsel og sikkerheit og vil ved stor pågang stenge inngangsslusa for å sørge for at alle får ei trygt opphald på Knask & Plask.Arrangementet er finansiert av tilskot frå Bufdir som går til opne møteplassar for barn og unge i regi av kulturavdelinga. Alle 6. og 7. klassingar i Volda kommune er velkomne! Publisert 26.03.2026 15:59 Sist endra 26.03.2026 15:59