Kokepåbod etter vasslekkasje på Fyrde

Kokepåbod etter vasslekkasje på Fyrde

Denne meldinga gjeld dei som er tilknytt Fyrde vassverk. Det er kokepåbod etter ei vasslekkasje på Fyrde vassverk.

Vatn som renn frå kran - Klikk for stort bilete Volda kommune

 

Oppdatering 08.11.23

Statusoppdatering Fyrde Vassverk: 

Vi har fått reparert kontrollsystemet og alt fungerer no som normalt. 

Vi vil ta to bakterieprøvar før vi friskmelder vatnet då det har blitt levert vatn utanom reinseanlegget.

Det er ikkje krav om to prøver, men vi gjer det for å være heilt sikker på at ikkje nokon blir sjuke på grunn av bakteriar i vatnet. 

Kokepåbodet blir dermed først oppheva på fredag, dersom det ikkje vert påvist bakteriar i vatnet. 

--------------------

Vi har no fått utbetra vasslekkasjen i vassverket. Dessverre har vasslekkasjen satt kontrollsystemet på vassverket mellombels ut av spill. Vi klarer difor ikkje å produsere vatn på normal måte. Vatnet vil likevel no vil kome tilbake med normalt trykk og mengde, men på grunn av manglande reinsing blir det naudsynt å innføre kokepåbod. Kokepåbodet vil gjelde inntil vi får tilbake styringssystemet på vassverket og vi får godkjente vassprøver.

Leverandøren av kontrollsystemet vil i morgon tidleg starte arbeidet med å kontrollere og eventuelt skifte delar som har verte skada inne på vassverket. Når vi har fått dette opp og gå vil det ta ytterlegare ein til to dagar før vi får svar på vassprøvene og vi kan oppheve kokepåbodet.

Ved kokepåbod anbefalar vi at alle følgjer råda frå FHI. 

Du finn råda her: https://www.fhi.no/sm/drikkevann/rad/kokevarsel/

Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

 

7. november kl 13.30:

Denne meldinga gjeld dei som er tilknytt Fyrde vassverk. Det vert oppmoda om at alle abonnementar er forsiktige med bruk av vatn då det er oppdaga ei vasslekkasje på Fyrde vassverk.

Vi har fått ein vasslekkasje inne på det kommunale vassverket på Fyrde. Vi har fått på plass ein sveisar som arbeidar med å reparere lekkasjen.  Det er dessverre ikkje mogleg å produsere vatn medan vi utbetrar lekkasjen. 


Dette betyr at einskilde abonnentar vil miste vatnet, og enkelte vil kunne oppleve redusert trykk i dusj og vask. 
Vi vil oppmode alle abonnentar ved Fyrde vassverk om å nytte så lite vatn som mogleg då vi per no ikkje har kontroll på kor lang tid det vil ta å utbetre skaden. 


Det vil bli sendt ut ny melding så snart vi har eit estimat på kor lang tid det vil ta å utbetre lekkasjen.