Kom med forslag til Frivilligprisen 2026

Kom med forslag til Frivilligprisen 2026

Volda kommune ønskjer forslag til kandidatar til Frivilligprisen 2026. Kjenner du nokon som gjer ein ekstra innsats for andre og bidreg positivt til lokalsamfunnet? 

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Prisen skal tildelast ein initiativrik person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerkt seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for enkeltpersonar og samfunnet.

Prisen kan delast ut på bakgrunn av frivillig innsats over lengre tid eller gjennom eit tidsavgrensa prosjekt.

Frist for å sende inn forslag er 1. desember 2026.

Slik sender du inn forslag

Grunngjevne forslag til kandidatar kan sendast inn via elektronisk skjema eller leverast på servicekontoret på Volda rådhus.

Merk forslaget med «Frivilligpris».