Fyrlykta i Volda Sentrum
Torgeir Stensø
Volda er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og har derfor Stikk UT! Dette er ein app og ei nettside som let deg oppdage og registrere turar i heile Møre og Romsdal.
Sjølv om vi er midt i vintersesongen for Stikk UT! har planlegginga av sommarsesongen starta, og vi ønsker no innspel på aktuelle turar som du ønsker å ha med. Volda kommune er ei stor kommune og vi ønsker innspel frå heile kommunen.
Det er nokre kriterium som må vere oppfylt for at vi skal kunne nytte turane som Stikk UT! tur:
- Det skal vere ei blanding av lette og litt meir krevjande turar, men flest lette og i nærleiken av der folk bur.
- Det må vere ei turskildring i www.morotur.no (om det ikkje ligg ei skildring der, må den lagast enten av den som spelar inn eller i samarbeid med folkehelsekoordinator)
- De må sikre at turmålet ikkje er i konflikt med sårbar flora og fauna.
- Det må vere tilfredsstillande moglegheit til parkering og det må vere avklart med grunneigar
Vi set stor pris på innspel. Det blir valt ut mellom 20-25 turar, og kanskje blir din favoritt tur ein av dei?
Fristen gjekk ut 08.02.24