Kommunale eigedomsgebyr blir fakturert kvar månad frå juli 2026

Kommunale eigedomsgebyr blir fakturert kvar månad frå juli 2026

Frå juli blir faktura for kommunale eigedomsgebyr (vatn og avløp, feiing og tilsyn og eigedomsskatt) fakturert kvar månad - i staden for kvartalsvis som har vore standard.

Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

 

Dette vedtok kommunestyret no i mai.

Ein overgang til månadleg fakturering vil gi innbyggarane ein meir føreseieleg økonomi, og betre økonomisk oversikt. Samtidig får kommunen også betre oversikt over sine inntekter.  

Ordninga vert sett i gang frå og med juli 2026. Kommunen praktiserer forskotsvis betaling. 

Dei som mottek faktura via Avtalegiro treng ikkje å foreta seg noko; trekket vil gå automatisk såframt månadleg beløpsgrense ikkje er satt for lågt. 

Kommunen oppmodar alle om å gå inn i nettbanken å opprette e-faktura eller avtalegiro. 

Innbyggarar som bur i burettslag eller sameige betalar kommunale eigedomsgebyr gjennom husleiga som før.   

 

Korleis påverkar dette meg?

  • Dersom årsbeløpet ditt er under 4 000 kr, får du ein faktura i året
  • Dersom du får faktura kvart kvartal og årsbeløpet er over 4 000 kr, vil du no få faktura kvar månad

 

Spørsmål

Har du spørsmål om fakturaen, kan du ta kontakt på e-post: fakturamottak@volda.kommune.no