Kommunesamarbeid på agendaen

Kommunesamarbeid på agendaen

Kommunane på søre Sunnmøre har samarbeid på agendaen, og onsdag 19. februar møttes leiargruppene i Volda og Ørsta.

Leiargruppene i Ørsta og Volda Volda kommune

- Vi fekk jobba oss godt saman, drøfta felles utfordringsbilde og hadde prosess på aktuelle område der vi ser fordelar med nye samarbeid, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.  Vi drøfta også korleis eventuelt slike samarbeid kan organiserast.  Så langt er dette tidleg i prosessen der vi gjer oss tankar, byggjer relasjonar og legg eit diskusjonsgrunnlag som vi kan ta med oss attende til politisk nivå og til arbeidstakarorganisasjonane. Vi skal jobbe fram konkrete forslag og leiargruppene skal ha ei ny samling for å jobbe vidare med temaet.

Kommunesamarbeid står på agendaen for alle kommunane på Søre Sunnmøre: Det merkast no for alvor at arbeidskraft er ein knappheitsressurs, og kommunane på søre Sunnmøre konkurrerar om dei same folka. Demografiutviklinga har slått inn for alvor. Det er for få til å dekkje opp kompetansebehovet. 

Kommunane slit i tillegg med høg lånegjeld og ei drift som er høgare enn inntektene.  Alle står i ei krevjande omstilling. Dette er ein situasjon som pregar dei fleste kommunane i landet. Vi får fleire eldre, og aldersbereevnen  viser at vert færre i yrkesaktiv alder i forhold til innbyggjarar i pensjonsalder.

- No går ikkje dette lenger, seier kommunedirektør Rune Sjurgard. Før kunne kommunane spøkje med kvarandre og la fordommar om kvarandre hindre gode samarbeid. No må fordommar og konstruerte hindringar setjast til side, seier Sjurgard.  

- Vi må brette opp ermene og ta eit tak saman for å løyse samfunnsoppdraget for innbyggjarane våre. Det er dei som vil tape dersom kommunane ikkje lykkast med samarbeid. 

- Det er viktig at innbyggjarane faktisk forstår det store behovet for omstilling og behovet for aktivt samarbeid mellom kommunane. Vi må samarbeide for å verte mindre sårbare, sikre kvalitet på tenestene og ikkje minst kunne utvikle tenestene. Korleis kan vi til dømes ta i bruk kunstig intelligens og utnytte teknologien for å få meir ut av ressursane dersom i små fagmiljø som aldri får tid til utvikling? Det vert nesten som illustrasjonen frå steinalderen som sikkert mange har sett, dei to med trillebåra som nektar å skifte frå firkanta «hjul» til rundt hjul, fordi dei ikkje har tid. 

- Generalistkommuneutvalet peikar på at det må til ein meir aktiv politikk for kommunesamarbeid, fordi dei fleste kommunane i landet ikkje er store nok til å løyse samfunnsoppdraget åleine. Samarbeid er nødvendig for å kunne oppretthalde generalistkommunen. Og statsforvaltaren i Møre og Romsdal seier det så tydeleg at politikarane må forstå si tid både når det gjeld økonomisk styring og kommunesamarbeid.