Kontrakt signert for opprusting av av fasaden på samfunnshuset

Kontrakt signert for opprusting av av fasaden på samfunnshuset

Veggen på samfunnshuset - Klikk for stort bileteEtter politisk vedtak 16.06.21 er det no signert kontrakt for rehabilitering av fasaden på samfunnshuset.

Det har vore ein lang prosess med mykje historikk som har ført til at fasaden på samfunnshuset i lengre tid ikkje har vore presentabel. Det er difor med store glede at vi den 30. august kunne signere kontrakt med entreprenør som skal rehabilitere fasaden.

I samband med politisk handsaming av sak om ungdomsklubb i Volda vart det gjort vedtak om at ein oppgraderer/rehabiliterer fasaden på samfunnshuset. Tiltaket vert finansiert ved å omprioritere midlar frå anna prosjekt.

Politisk sak om ungdomsklubb i Volda

I saksutgreiinga (PS KST 62/21) står det at samfunnshuset vil vere eit spanande bygg å jobbe vidare med. Opprustning av huset kan skje i ulike fasar, og dersom kommunestyret vedtek å gå vidare med dette alternativet, vil kulturavdelinga i samarbeid med andre avdelingar i kommunen starte arbeidet med ei konseptskisse for bygget.

Det er mykje som talar for å gjere samfunnshuset til ungdommens hus. Bygget ligg sentralt, det har stort areal og er i kommunalt eige. Samfunnshuset treng sårt ei oppgradering, og ein ynskjer å sjå dette i samanheng.

Fasaden på samfunnshuset treng sårt ei oppgradering/rehabilitering. Slik ein vurderer det må dette arbeidet gjennomførast snarast råd og ein har administrativt vurdert at ein kan rå til at tiltaket vert finansiert ved å omprioritere 3,8 millionar kroner eks. mva frå prosjekt 030006 EPC.

Analyse av betongen 

Det er utført prøveboring i betong på bærande søyler og veggflater. Dette for å avdekke om det er brukt sand frå sjø, eller marine landmasser i tilknytning til sjø. Prøvene er sendt til laboratorie for analyse, og syner at saltinnhaldet ikkje er høgt. Ettersom saltinnhald er lågt, kan ein behandle konstruksjonane med elektrokjemisk behandling.

Sjølve behandlinga av betongen

Elektrokjemisk behandling av betong er ei metode for å stoppe korrosjon på innstøypt armeringstål, slik at utvikling av betongskader opphører. Behandlinga fjernar årsaken til korrosjon ved å endre det kjemiske miljøet i betongen frå å vere korrosivt til å bli korrosjonsbeskyttande. Dette gjer ein ved å endre tilstanden til stålet frå å vere korrosivt til å vere i en ikkjekorroderande tilstand. Elektrokjemisk realkalisering hevar ph verdien i betongen til å ligge over korrosjonsterskelen, slik at betongen korrosjonsbeskytter armeringa.

Erfaringar i bransjen viser at denne behandlinga har ei bestandighet på minst 25 år så lenge metoden blir utført korrekt. Ein annan føresetnad for eit varig resultat er vedlikehald av overflater i form av maling som beskytter mot ytre påkjenningar. Ut over elektrokjemisk behandling må ein lokalisere all armering som har korrodert og sprengt ut betongen i konstruksjonar. Denne armeringa må blottstillast og ein fjernar laus betong og sandbles armeringa slik at ein kjem inn på friskt stål. Så blir stålet behandla og ein kan støype over med frisk betong.

Ein sliper vekk restar av gamal maling og blottstiller all betong for realkalisering. Etter at behandlinga er ferdig og all rustspreng er reparert kan ein male bygget i sine originale farger med ny beskyttande maling.

Tett samarbeid

Det vidare arbeidet med huset vil skje i tett samarbeid med ungdomen sjølv. 

Vidare vil rehabilitering av samfunnshuset kunne gje positive ringverknadar for kinodrifta i eit meir langsiktig perspektiv. Dersom kommunestyret vel å gå vidare med desse planane vil administrasjonen i ei første fase avklare kven som skal involverast, kva samarbeidspartar ein kan ha, samdrift med lag og organisasjonar med vidare. Ein kan også sjå føre seg at bygget etterkvart kan romme fleire tenester knytt til kultur.

Ein må i den komande fasen også vere i tett dialog med dagnes brukarar av huset. Ein må ha gjennomgang av dei avtalar som er knytt til bygget, og gå i drøfting med brukarane av huset om korleis ein kan få ei best mogleg samhandling og eventuell samdrift i bygget i det vidare.

Ein attraktiv samlingsstad

Det er viktig at huset vert brukt mest mogleg og det kan verte eit bygg som vert ein attraktiv samlingsstad på ulike tider av døgnet.

Området rundt samfunnshuset har også eit stort potensiale, nærleik til bibliotek, park og ikkje minst potensialet som ligg i det som i dag er parkeringsplass, og den kommunale eigedomen rett ovanfor. Her vil ein kunne etablere eit aktivitetstilbod i tilknyting til ungdomsklubb, ein vil kunne ha areal til ulike tilrettelagde uformelle møtestadar for ungdom.

Historikk:

  • Kulturhus skulle være på Campus i samarbeid med Høgskulen. Samfunnshuset fikk ein del rehabilitering med tak og innvendig for å være eit lågterskeltilbod. Planar for Campus og kulturhus vart ikkje ein realitet.
  • Volda kommune starta arbeid og politisk sak om kulturhus knytt til samfunnshuset og byggenemda arbeida med dette. Naturleg at det ikkje vart gjort noko spesielt arbeid på bygget då ein arbeida med eit kulturbygg i samanheng med samfunnshuset. Hausten 2019 fikk ikkje ein politisk aksept for å gå vidare med dette prosjektet.
  • Vår/sommar 2020 tok vi vekk eføy på bygget og starta å sjå på fasaden med å fjerne puss osv. Det vart sjekka ut om der var kapasitet i marknaden på gjennomføring av arbeid, det var der ikkje. Det vart tatt borreprøver (haust) for å avdekke kva masse som har vore brukt (sjå første avsnitt sjølve behandlinga) vi sjekka ut omfang og budsjetterte arbeidet. Her måtte til politisk sak for løyve av midlar.
  • 2021 arbeid med politisk sak om ungdomsklubb og fasade samfunnshuset (sak i junimøtet 62/21) Her vart det løyvd midlar til gjennomføring. Oppdrag vart lyst ut på doffin gjennom sommaren. Fikk inn tilbod og kontrakt signert 31.08.21, planlegg snarlig oppstart av arbeid. Ferdigstilling med beskyttande maling er Juli 2022.
  • Seksjonsleiar vedlikehald og utvikling har prosjektet og følgjer opp rehabiliteringsarbeidet.

Vedtaket i kommunestyret 

KST- 62/21 Vedtak:

1: Kommunestyret ynskjer at det skal etablerast varige lokaler for ungdomsklubb i Volda samfunnshus og ber Kommunedirektøren arbeide vidare med planane.

Kommunestyret legg vekt på at ungdommen sjølv skal vere sterkt delaktige i utarbeiding av konseptskisse.

Kommunestyret har forventning om at sak om ungdomsklubb i Volda Samfunnshus vert lagt fram for kommunestyret til endelig vedtak i løpet av hausten 2021.

Kommunestyret løyver kr. 200.000,- til forprosjekt. Løyvinga vert finansiert ved bruk av disposisjonsfond.

2: Kommunestyret ber om at ein oppgraderer/rehabiliterer fasaden på samfunnshuset slik det går fram av saksutgreiinga. Tiltaket vert finansiert ved å omprioritere 3,8 millionar kroner eks. mva frå prosjekt 030006 EPC.