Koordinerande eining er lokalisert på Volda omsorgssenter

Koordinerande eining er lokalisert på Volda omsorgssenter

Det er (på biletet f. v.) Anne Marte Ådneram, Kristin Kile og Elisabeth Brattli Lien som har denne funksjonen i Volda kommune. 

Koordinerande eining skal bidra til å sikre eit heilskapeleg tilbod til alle pasientar eller brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. 

Eininga har det overordna ansvaret for opplæring og rettleiing av koordinator, jf helse- og omsorgstenestelova § 7-3.

Koordinerande eining er organisert under forvaltingskontoret i helse- og omsorgssektoren og det er Anne Marte Ådneram, Kristin Kile og Elisabeth Bratli Lien som har denne funksjonen.

Frå 01.06.2020 er koordinerande eining lokalisert på Volda omsorgssenter.

Kontaktinformasjon: 

Telefon 908 23 159

eller e-post: koordinerande.eining@volda.kommune.no

Kontakt

Ragnhild Aarflot Kalland
seksjonsleiar forvaltningskontoret
E-post
Mobil 95 23 03 66