Korleis er det å bu i Volda? - Innbyggarundersøkinga 2023

Korleis er det å bu i Volda? - Innbyggarundersøkinga 2023

Teikning av tre "smilys" der ein er nøytral, ein smilande og ein sint. - Klikk for stort bilete Volda kommune har brukt kunstig intelligens for å lage illustrasjonsbilde

I dag vil alle innbyggar over 18 år motta brev frå Volda kommune i si digitale postkasse.

I brevet blir kvar enkelt invitert til å delta i undersøkinga, og brevet inneheld lenke til innbyggarundersøkinga, i tillegg til eit unikt passord til å logge seg inn med. 

Innbyggarundersøkinga er eit verktøy for å måle tenestekvalitet, bu-kvalitet og lokaldemokrati i Volda kommune.

- Det viktig for oss å høyre dine erfaringar med og synspunkt på dei tenestene som kommunen tilbyr. Vi vil også vite kva du synes om kommunen som bustad og korleis lokaldemokratiet fungerer. Når du fortel oss dine erfaringar og synspunkt kan vi få oversikt over kva som er bra og kva som vi bør forbetre oss på. 

Dei som har reservert seg mot å motta digital post, vil få invitasjonen tilsendt i posten noko seinare. Dersom nokon syns det er vanskeleg å fylle ut undersøkinga digitalt, kan dei ta kontakt med servicekontoret for å få hjelp.

Alle opplysningane blir behandla konfidensielt, og i rapporten frå undersøkinga vil det ikkje vere data som direkte eller indirekte kan koblast til enkeltpersonar.

Innbyggarundersøkinga

Klikk her for å opne innbyggarundersøkinga

NB: Du må bruke eingongspassordet som du har fått tilsendt i brevet for å logge deg inn.

Sjølve spørreundersøkinga tar 5-10 minutt.

Svarfrist

Frist for å gjennomføre undersøkinga er onsdag 31. mai, og vi oppmodar om at du som er innbyggar tar deg tid til å delta.

Kontakt

Inger-Johanne Johnsen
avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 90 10 61