Volda kommune
Godt i gang med omstillingstiltaka
Kommunestyret vedtok omstillingstiltak for ca 30 millionar i år. Ein god del av dette i form av reduksjon i årsverk. Omstillingsarbeidet er omfattande prosessar som leiarane og tillitsvalte må bruke mykje tid på i år. Å stå i endring er eit press på heile organisasjonen. Så langt det er råd vert overtalige tilsette overført til stillingar som vert ledige ved naturleg avgang. Men vi unngår likevel ikkje å måtte gå til oppseiing av tilsette. Dette er noko vi kjenner på, seier kommunedirektør Rune Sjurgard – og føyer til: Når pengane ikkje strekk til, og tenestene må reduserast, så får dette dessverre konsekvensar for mange.
Nedskjeringane vil merkast i tenestene
Til tross for nedskjeringar og reduksjon i standard og nivå på mange tenesteområde, viser kvartalsrapporten at Volda kommune jamt over yter gode tenester. For å skjerme enkelte kutt i tenestene i oppvekst og helse- og omsorg, vert det gjort nedskjeringar i reinhaldet og i kapasiteten innanfor veg, park og byggvedlikehald. Dette vil merkast framover. Det vil nok også merkast at det ikkje vil vere tilstrekkeleg kapasitet i skulefritidsordninga til å gi plass til alle som søkjer til hausten.
Manglar helsepersonell
Vi slit særleg med å skaffe nok helsepersonell. I helse- og omsorgssektoren manglar det folk i 69,03 årsverk. I tillegg kjem sjukefråvær og tilsette i ulike typar permisjonar med refusjon. Det er ein svært krevjande rekrutteringssituasjon, der vi verkeleg slit med å tilsette, sjølv i store stillingar. Dette legg eit stort press på tenestene. Helse og omsorg er og ei teneste som i dei fleste tilfelle ikkje kan la årsverk stå vakante. Dette vert løyst med timelønte, overtid og innleige.
Økonomien på raudt nivå
Kommunedirektøren seier at leiarane gjer ein god jobb med årsprognose og budsjettkontroll. Så langt kan det sjå ut som at drifta samla sett i sektorane er i balanse. Det vert rapportert om nye utgifter innanfor individuelle lovfesta tiltak som vil påløpe utover året. Desse er det ikkje er budsjettert dekning for. Risikoen som kan velte lasset i år er særleg knytt til vesentleg høgare renteutgifter enn det vi har budsjettert. Vi følgde rentebanen til Norges Bank som viste rentenedgang i år. No er den endra, og vi kan i staden vente oss eit par rentehevingar.
Brukt over 100 millionar av reserven siste 3 åra
Administrasjonen har gode rutinar og god oversikt over økonomien. Ved inngangen til 2026 hadde kommunen 72 millionar i disposisjonsfond (reservar). For å balansere budsjettet brukte kommunestyret om lag halvparten av disposisjonsfondet. Sidan 2023 har disposisjonsfondet vorte tappa med over 100 millionar. Neste år er det truleg tomt, spår kommunedirektøren. Dette inneber at kommunen ikkje har midlar til nye tiltak. Nye og endra behov i ei teneste må finansierast med inndekning i ei anna teneste. Det er viktig at innbyggjarane vert gjort merksam på desse samanhengane. Vi må ytterlegare ned på drifta dei komande åra, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.
Høgt sjukefråvær
Sjukefråværet var høgt i starten av året grunna virus og sesonginfluensa. Det er framleis høgt. Det har vore ein nedgang frå i overkant av 12 % i januar og februar til 10,69 % i mars. I budsjettvedtaket fekk alle arbeidsplassane i oppdrag å fastsette eit realistisk måltal for fråvær i 2026. Akkumulert for alle del-måla er det eit mål for Volda kommune med eit sjukefråvær på 8,5 %.