Krav om kompensasjon etter godkjenning av privat skule

Krav om kompensasjon etter godkjenning av privat skule

Kommunen krev kompensasjon frå staten for økonomiske tap som følgje av statleg godkjenning av privatskule

Oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik og kommunedirektør Rune Sjurgard har sendt brev til kommunalministeren:

 

Volda kommune opplever at staten har overstyrt kommunen sitt lokale sjølvstyre då ein privatskule barneskule på Ulvestad i Volda kommune vart godkjent av Utdanningsdirektoratet i 2013. Med bakgrunn i minkande elevtal, og at det ikkje var elevgrunnlag for to barneskular i opptakskrinsen, la Volda kommune ned Ulvestad skule i 2013. Kommunen bygde ny 1. – 10. skule på Dravlaus, som vart opna i 2011. Då, som no, har den nye skulen god plass til elevane i dei to opphaveleg skulekrinsane. Etter vårt syn har Utdanningsdirektoratet i si godkjenning av privatskulen på Ulvestad handla i strid med formålet med privatskulelova.

Det samla elevtalet i skulekrinsen har gått ned frå 84 elevar til 50 elevar sidan 2013 til i dag. Det er ingen elevar i første klasse på den kommunale skulen Dalsfjorden. Den demografiske utviklinga i kommunen viser vesentleg auke i eldre og ein nedgang i talet barn. Dei statlege signala både frå regjeringa og statsforvaltar er tydelege på at kommunane må tilpasse prioriteringa av tenesteytinga til demografiutviklinga. I kompensasjonen for demografikostnadene får vi kompensert for kostnadene knytt til fleire eldre, men vert trekte for for færre barn. Med andre ord må kommunen flytte ressursar frå barnehage og skule for ikkje å tape på dei statlege overføringane.

I budsjettprosessen for 2026 foreslo kommunedirektøren strukturprosess der den offentlege skulen i Dalsfjorden vert lagt ned og elevane flytta til Volda sentrum. Dette var eit forslag som sat svært langt inne ettersom det vil innebere om lag ein time reiseveg inkludert ferjetransport for dei med lengts reiseveg. Bygda er splitta i sitt syn. Nokre hegnar om det offentlege tilbodet og ynskjer ikkje privat skule. Andre vel den private skulen. 

Truleg grunna geografiske tilhøve, er det svært få andre elevar enn dei som bur i krinsen som vel det private tilbodet. Med andre ord rekrutterer den private skulen elevar frå eit frå før tynt elevgrunnlag.

Staten har sett kommunen i sjakk matt. Det er ikkje elevgrunnlag for to barneskular i dette geografiske området, og kommunen må redusere utgiftene i oppvekst for å møte dei aukande utgiftene i helse og omsorg. 

Volda kommune vil utfordre staten til å ta ansvar for si avgjerd om privatskule, og dei konsekvensane drifta av ein privat skule i denne krinsen har for Volda kommune. 

Kongsvik og Sjurgard søkjer om kompensasjon for den den økonomiske konsekvensen godkjenning av privat skule vil gje i 2026 og for tidlegare år. Berre for 2026 utgjer dette 3,5 millionar kroner.

 

Du kan lese heile brevet og vedlegga her